Diskusjon:Nynorsk programvare
Desember 2007
[endre wikiteksten](12.12.2007) La til to av programma frå Mozilla i artikkelen, og sletta det eg tykte var subjektive påstander om Opera. I tillegg sletta eg feilinformasjonen om at MS Windows og MS Office ikkje finst på nynorsk. Denne artikkelen må utvidast kraftig!
Partisk om styresystem
[endre wikiteksten]Eg reagerer veldig på deloverskrifta "Vanlege datamaskinar (MS Windows)". Implikasjonen at vanlege datamaskinar køyrer MS Windows eller omvendt er i beste fall problematisk, og sjølv om eg forstår kva slags intensjonar som kan ha lege til grunn -- til dømes eit ynske om å oppklåra situasjonen for dei som ikkje måtte vera så bevandra i ulike typar operativsystem --, høyrer ikkje den slags språkbruk heime i eit leksikon. --Eirik W. 00:34, 15 desember 2007 (CET)
Heile artikkelen må ryddast i, han er langt frå ein upartisk leksikonartikkel. Skriv gjerne ein ny om de føler for det. --Ranveig 01:23, 15 desember 2007 (CET)
No er artikkelen meir eller mindre totalrenovert. Eg påstår kanskje ein del ting som både er uetterrettelege og/eller direkte feil, så eg hadde sett pris på om nokon hadde gidda å ta seg ein runde og korrigera eventuelle brester. --Eirik W. 01:54, 15 desember 2007 (CET)
- Dette er då ikkje så gale! Som eg satt inn hadde det vore fint med ei kjelde på debatten om skolelinux, eg trur òg dei fleste treng ei forklaring på ordet emulere. --Ekko 09:46, 15 desember 2007 (CET)
- Eg har rydda litt i artikkelen, men det er eit par ting eg stussar på: Stemmer det at Fedora og er på Nynorsk? Det er jo isåfall gledeleg, men når hende det? Då eg prøvde Fc6, var den berre tilgjengeleg på bokmål, som eg kan hugse.
- Ein annan ting? Er det Galeon eller epiphany som er standard nettlesar for Gnome? Denne artikkellene seier Galeon, men epiphany artikkelen (som eg omsette) seier anna. Kva er rett? --Anders 13:38, 15 desember 2007 (CET)
- Som eg sa, er nokre av opplysingane her temmeleg omtrentlege. Du har sannsynlegvis rett vedrørande epiphany/Galeon, men det er då vel mogeleg å gjera Fedora nynorsk (sjølv om dette ikkje skulle vera eit val i installasjonsprosessen)? --Eirik W. 15:34, 15 desember 2007 (CET)
- Eg prøvde nettopp den siste liveversjonen av Fedora (Fedora 8) og tok dette skjermskotet. Det ser visst ut som Fedora prøver på ei nynorsk omsetjing, men at det står eit stykkje bak i forhold til, til dømes Ubuntu. --Anders 19:04, 15 desember 2007 (CET)
- Kva med å kalla det "kontorstøtteprogram" snarare enn "kontorpakker"?
- Det ser ikkje ut som nokon har noko imot om du endrar det til det. --Anders 21:14, 20 desember 2007 (CET)
- La inn to nye program på lista: Skype og Notepad++. Retta opp nokre skrivefeil/inkonsekvensar. Eg har fjerna det eg synest var subjektive meiningsytringar om Microsoft, nynorsk og Open Source i innleiinga av Windows-avsnittet. Det som står der no er konkrete opplysningar om kva som finst, eg meiner det blir meir nøkternt og informativt slik. --Charlie42 02:27, 03 april 2008 (CET)
- Firmapakken frå Innovare er på nynorsk. Firmapakken er ein full kontorpakke som reduserar behovet for kontorstøtteprogram. --HSJ-Innovare 11:52, 17 juli 2018 (CET)
KOffice
[endre wikiteksten]KOffice har ikkje vore oppdatert sidan 2012 og er berre av historisk interesse. I dag er det LibreOffice som blir nytta saman med KDE. Er det nokon vits i at KOffice er med i denne lista? --Sigmundg (diskusjon) 21. august 2021 kl. 17:47 (CEST)
- Det beste for denne artikkelen hadde nok vore å ha ein historisk del òg, gjerne med den fyrste datoen noko kom ut på nynorsk. Men viss det er meininga at han berre skal handla om tilgjengeleg programvare bør det som er utgått gå ut. --Ranveig (diskusjon) 22. august 2021 kl. 08:51 (CEST)