Diskusjon:Odin

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Help needed[endre wikiteksten]

Hi, we need some help at English Wikipedia. Can someone fluent in both Norsk and English help? In the article on the plant "Myrtle" there is controversy about the Norse legend that Freya found Ódr hiding under a myrtle plant. Since myrtle is a Mediterranean plant, is the term "myrtle" which appears in our books of Norse mythology actually the name of a different plant which grows in Scandinavia (maybe the bog myrtle)? Could someone provide the Norsk name for the plant described in the Freya/Ódr legend, and what is the Latin (scientific) name for this species? Many thanks. --Badagnani (English Wikipedia screen name)

Meile ?[endre wikiteksten]

På bokmålswikipedia, i artikkelen um Odin, er det å finna at han hadde seks søner. Eg veit ikkje kvar dette kjem frå, men eg hev problem med det. Etter det eg veit er Tor, Vidar, Våle, Balder Hód og Hermod alle søner av Odin. Dette er seks. Attåt veit eg at i Håbardsljod nemner Tor seg som bror åt Meile, noko som tyder på at Meile er son hans Odin, han med (det kann jo vera at Meile er son åt Jord med ein annan mann, men det er lite truleg.) Bokmålsartikkelen um Meile, stutt som han er, nemner at han er son hans Odin, so det ser ut som andre hev konkludert likeins. Altso hev me då sju. Ei av kjeldone som er oppgjeve på bokmålssida um Odin gjev au Meile som son hans, men Ty og Brage med. Då er me uppe i ni søner, som er meir i samsvar med det eg lærte som barn. Eg veit ikkje kor stor lit eg fester ved den kjelda, som er:

http://www.home.no/norron-mytologi/gudene/odin.htm ,

men det er klårt at det her er usemje um kor mange born Odin hadde. Eg veit at det er ugreidt å finna ut av frå DEE, som er vandsleg å tyda utan eit minimum av kunne fyreåt, og at DYE kann vera noko forkludra av at Snorre var kristen, men kann nokon visa til kjeldor som klarer upp i saki? Det hadde vore genialtEdaindirith 15:41, 7 desember 2007 (CET)

I Verdenstreet ISBN 82-03-11374-5 nemner Vera Henriksen i opplysingsbolken (s. 223 f):
  • Balder, son av Odin og Frigg
  • Brage, «Snorre kaller ham Odins sønn. -- det har vært foreslått at han er identisk med en skald, Brage Boddason, som levde på 800-tallet, og som man har tenkt seg var blitt oppatt blant æsene.»
  • Hermod (nemd under Draupne)
  • Hod, den blinde Odinsonen
  • Tor, son av Odin og Jord
  • Vidar, son av Odin og Grid
  • Våle, son av Odin og Rind
Vera Henriksen nemner Ty, men skriv ikkje noko om opphavet, anna enn at han «regnes blant æsene». Meile nemner ho ikkje, det eg kan sjå. Elles er det jo kjend at gudene konne framstå under ulike namn. Men ut fra VH si innføring i norrøn mytologi tel eg seks Odinsøner (eg tel då ikkje med Brage). - Knut 17:07, 7 desember 2007 (CET)