Diskusjon:Partitiv

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

skrive om (omskrive)?[endre wikiteksten]

  • "Viss objektet viser til ei avslutta handling, skal det stå i akkusativ. I andre tilfelle skal det stå i partitiv. Dette inneber at objektet står i partitiv i tilfelle som desse:
    Join maitoa «Eg drakk mjølk» (ubestemt mengd)."
    Kommentar: Ein kan kanskje hevda at då eg drakk mjølk, og mjølkeglasset var tomt, og mjølkekartongen tilbake i kjøleskapet, så var drekkinga/ handlinga avslutta.
    Difor kan ein hevde at ein kunne tru at i dette dømet skulle det vore akkusativ. Helsing Sju hav (diskusjon) 30. november 2019 kl. 02:53 (CET)[svar]
Poenget er ikkje så mykje kva som eigentleg skjedde, poenget er kva talaren trur tilhøyraren veit. Viss tilhøyraren refererer til eit kjend kvantum mjølk (t.d. det som var i glaset), ville ho sagt Join maidon. Tilhøyraren vil då vite at den mjølka no er drukke opp. For akkurat dette dømet er parallellen til norsk god: Eg drakk mjølk / Eg drakk mjølka (men det siste dømet ville vi kanskje helst ha uttrykt med opp: Eg drakk opp mjølka (jf. ???Eg drakk opp mjølk). Trondtr (diskusjon) 30. november 2019 kl. 15:13 (CET) [svar]