Diskusjon:Pia Haraldsen

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Ekko, det må no vere OK at det står nokre linjer om privatlivet hennar, når det står skrive om det på no. og en. kan eg ikkje heilt forstå kvifor vi skal vere så mykje strengare. At ho har hatt eit forhold til ein kongeleg person kan no ikkje reknast som kun vekebladstoff. Ber deg om å argumentere for kvifor du tok det vekk. --Cato 17:39, 14 februar 2007 (CET)

Eg synest heile artikkelen er på kanten, men når ho no er programleiar er det vel greit. Men berre kjendiseri er for tynt grunnlag etter mi meining. Å namngje foreldrar når dei ikkje har sjølvstendig grunnlag for leksikonartikkel er meiningslaust. Kven ho har vært kjærast med synest eg ikkje høyrer heime i eit leksikon, at det har stått på prent i Se og Hør, og Dagbladet/VG gjer ikkje noko til allment interressant. Dette er privatliv og lyt få vera det. Og hugs: biografiar skal vera like godt underbygd med kjelder som anna stoff, truleg betre. --Ekko 18:21, 14 februar 2007 (CET)
Artiklar om kjendisar synest eg ikkje er på kanten, og ho er ei veldig kjent dame. Kven ho har vore kjærast med treng vi ikkje å ha med, men slektskapen til dronninga vår er da interessant? Eg har lurt på det sjølv faktisk... ;) Så eg går for eit kompromiss. --Erlend 18:36, 14 februar 2007 (CET)
Her er det jo snakk om ein person som faktisk er kjend fordi ho er i slekt med kona til kongen. Men likevel synest ikkje eg heller at det høver med ein artikkel full av Se og Hør-stoff. --Tannkrem 18:52, 14 februar 2007 (CET)
Ikkje berre derfor. Ho har vorte mest kjent etter at ho byrja i TV. --Erlend 22:57, 14 februar 2007 (CET)

Eg synest det i alle fall bør stå litt om slekstskapen til kongefamilien, det kan du godt ta inn att i artikkelen. Når ho kanskje er blitt kjend grunna denne slektskapen, kan det vel stå litt om den. Og sidan du tok det vekk, synest eg du kan setje det på plass igjen. Og så må du hugse at mange av personane som har artikkel på Wikipedia er jo kjendisar. Eit leksikon skal etter mi meining ha artiklar om kjendisar. Og eg trur at ein del av dei som søker på Pia Haraldsen, kanskje er interessert i nettopp den nemnte slekskapen. --Cato 19:14, 14 februar 2007 (CET)

Men ho er jo ikkje i slekt med kongefamilien ein gong, i følgje det som sto i artikkelen. Ho er i slekt med ein person som har vore gift med ein person som er i slekt med ein person som er inngift i kongefamilien. Me må gjennom to irrelevante ledd for å finna ein person som er kjend, og då er ikkje dette ei opplysning som bør stå i noko leksikon, etter mi meining. Prinsippet bør framleis vera at ein ikkje skal ha artiklar om folk fordi dei er kjendisar. Dei må òg gjera noko som er leksikonverdig. Og når me ser artikkelen ut frå det perspektivet, er Pia Haraldsen berre så vidt leksikonverdig, og det har ikkje noko med mor hennar å gjera, det har med den nye jobben hennar å gjera. --Tannkrem 19:28, 14 februar 2007 (CET)
Amen! Tenk deg om Cato, vil me nokon gong få ein artikkel om Pia Haraldsen i eit anna leksikon? Lite truleg. Ein kjendis er per definisjon ein person som er kjent for å vera kjent, og litt meire substans bør det vera for å få ein leksikonartikkel. --Ekko 20:41, 14 februar 2007 (CET)
Høyrest ut som ein slettediskusjon er i kjømda... Sletting er eg veldig ueinig i. Leksikonverdig er det som folk kan koma til å slå opp i eit leksikon. Sjølv om Pia Haraldsen berre hadde vore kjendis, burde det vore nok til å få ein artikkel. Men Pia Haraldsen har i tillegg medverka i fleire TV-program - kven har ikkje irritert seg grøn over Kjendisjakten...? Ein google-test gjev så mange som 14 400 treff[1].
Faktisk er det òg interessant for Kari Nordmann at Pia Haraldsen ikkje er i slekt med Dronning Sonja, for dei fleste trur nok det (inkludert meg sjølv inntil no). --Erlend 22:56, 14 februar 2007 (CET)
"Leksikonverdig er det som folk kan koma til å slå opp i eit leksikon", nei, nei nei. Me må vel ha litt meire tankar enn det om det me driv med. "Hundre millionar fluger kan ikkje ta feil, et kumøkk!" er eit gamalt ord. Om halve Noregs folkesetnad vil veta kven som ligg med kven er det ikkje dermes sagt at dette er opplysingar som høyrer heime her. Eg har ikkje gjort framlegg om sletting. Eg har sagt at personlege og perifere opplysingar ikkje høyrer heime her etter mi meining. Å ta med at ho var invitert i eit brullaup, var kjærast med ein spansk prins og at den fraskilde mannen til mora hennar er nevø med dronninga er ikkje leksikonstoff. Mange VG- og Se&Hør-oppslag gjer ikkje i seg sjølv nokon aktuelle for leksikonartiklar. Og eg anar ikkje kva Kjendisjakten er. --Ekko 23:18, 14 februar 2007 (CET)
Hehe, var jo litt sett på spissen, men meininga mi er ikkje langt unna. :) Kjendisjakten er eit TV-program som har gått fem dagar i veka på TV2 nokre år. Er heilt einig i at Se&Hør-opplysningane om kjæresteri og brudlaupsinvitasjon ikkje skal med (sjå over). Men å finne slektskapen (eller: ikkje slektskapen) er heilt sikkert, som Cato òg skriv, ei av grunnane til at folk vil ønskje å lesa om Pia Haraldsen. Bra eg tolka deg feil når du skreiv at ho aldri ville stått i noko anna leksikon. --Erlend 23:49, 14 februar 2007 (CET)