Diskusjon:Polarlys

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Finst det ei kjelde for at mars, april, september og oktober er dei beste polarlysmånadane? Det stemmer dårleg med mine eigne personlege observasjonar? stykkjet 11:28, 29 desember 2007 (CET)

Formuleringa i artikkelen no er særs upresis. Det er sjølvsagt lettast å observere polarlys om vinteren (november-februar) sidan det då er mørkare og slik sett er denne perioden best for den som vil observere nordlys med det blotte auget. På grunn av hellinga til jorda i forhold til eitt eller anna eg ikkje heilt hugsar kva var (noko med forma på magnetfeltet i forhold til solvinden trur eg) oppstår fenomenet hyppigare rundt april og rundt oktober, og polarlys oppstår òg om sommaren, men sidan det då er lysare er det vanskeleg å observere for ein som kikkar opp på himmelen. --Frokor 12:11, 29 desember 2007 (CET)