Diskusjon:Raude Khmer

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Flytta frå diskusjonssida til Erling:

Vietnamkrigen er ein viktig del av norsk historie, og Raude Khmer-styret i Kambodsja er etter mest syn det mest groteske utslaget av den krigen. Alle vi som jubla over at Raude Khmer kasta amerikanarane ut av Phnpm Penh bør ta lærdom av dette. Difor høyrer setninga om AKP med, som ein del av norsk historie. Men den norske regjeringa sitt syn er endå viktigare enn synet til den marginale ml-rørsla. - Knut 22:31, 9 oktober 2007 (CEST)
Eg tek nå denne delen av diskusjonen vidare på diskusjonssida til artikkelen. --Ekko 08:33, 10 oktober 2007 (CEST)

_____________ Eg er samd i dette, det eg reagerte sterkt på var at i den opphavelege artikkelen på fire setningar, var ei av dei nytta til å trekke liner frå 70-talets AKP til dagens parti Raudt. det syntes eg smakte mer av ein samtidspolitisk svertekampanje enn eit forsøk på å gje innsikt i kva som skjedde på 70-talet. Men som sagt, eg har ikkje problem med det Knut skriv, difor lot eg også setninga om AKP stå. --Ekko 08:33, 10 oktober 2007 (CEST)

Det er liner frå AKP til dagens Raudt, da AKP danna RV og var 90% av RV, og Raudt er danna av AKP og RV. Spørsmålet er om desse objektive linene skal nemnast eller ikkje. Eg meiner det er eit viktig pedagogisk poeng. Eg lèt likevel setninga stå som ho står, der AKP er nemnt, RV/Raudt ikkje. --Erling 10:42, 10 oktober 2007 (CEST)