Diskusjon:Samanliknande politikk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Politi eller politeia[endre wikiteksten]

Eg endra ordet "politi" til "politeia". Så vidt eg kan forstå, utan å ha ei norsk omsetjing framføre meg, vil "politi" vere misvisande. Øyvind Østerud ("Innføring i statsvitenskap", 1997) nyttar kategoriane "moderat demokrati" og "mobb-velde". Omsetjinga av typologien kan sjølvsagt tene ulike føremål (til dømes kjem Aristoteles sin kritikk av dåtidas styreform klarare fram om ein nyttar ordet "demokrati" i staden for "mobb-velde"), men eg kan ikkje tenkje meg det er naudsynt å omsetje politeia med "politi", så lenge "politi" for oss berre handlar om ordensmakta. På engelsk vert det gjerne omsett til "polity", men dette ordet tydar noko slikt som "regjeringsform" eller "statsdanning", og vil slik sett vere meir logisk.

I etterkant av endringa eg gjorde såg eg forresten ein diskusjon på engelsk wikipedia om dette ordet en:Politeia --Bollar 21. juni 2006 kl. 19:47 (UTC)