Diskusjon:Samiske geografiske namn i Tysfjord

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Lite nyttig artikkel[endre wikiteksten]

  • «Samiske geografiske namn i Tysfjord (knr. 1850) med tilvisingar til artiklar på dei aktuelle prosjekta.» er kryptisk. Korleis skal ein vanleg leksikonbrukar forstå kva «dei aktuelle prosjekta» er for noko? Kven er prosjekta aktuelle for? Kva slags prosjekt er det?
  • I denne artikkelen verkar formene som er oppførte som lulesamiske og nordsamiske gjennomført vere identiske. Kan dette verkeleg vere rett?
  • Om ein ser på artikkelen Sørfjorden i Tysfjord så står det der at det samiske namnet er Slabávuodna, og om ein søkjer på Norgesglasset til Statens Kartverk får ein treff og namna Sørfjorden og Slabávuodna står på kartet. I artikkelen/lista står det at namnet på Sørfjorden (i Tysfjord) er Slahpa på både lulesamisk og nordsamisk. Vuodna tyder tydelegvis fjord, og Slabávuodna kan godt vere rett bøying av Slahpa med det samiske ordet for fjord lagt til for det eg veit, men er det altså slik det vert skrive både på nordsamisk og lulesamisk?
  • Det verkar ikkje vere gjort noko arbeid med å prøve å finne ut kvar artikkelen det er meint å lenkje til på denne wikien faktisk ligg. Internlenkjer som Langvatnet, Sørfjorden og Nes går til fleirtydingssider, artiklane Fagernes og Tysnes handlar ikkje om stader i Tysfjord, og så bortetter. Om ein ser i kategori:Tysfjord så ser det ut for meg (som er heilt ukunnig i samisk) som om me har to artiklar der som ligg på samiske stadnamneformer, Gihtsejiegŋa og Båvrojávrre, men desse er ikkje lenkte til frå artikkelen. Det verkar nær tilfeldig om lenkja faktisk går til ein artikkel om emnet det gjeld.
  • Dette gjeld også for lenkjene til Wikipedia på bokmål. Det er ikkje gjort noko arbeid for å finne ut kvar artikkelen om emnet faktisk ligg, og sidan lenkjene er lagde inn som interwikilenkjer er dei blå, (i motsetnad til dei fleste av lenkjene til denne wikien). Det gjev lesararane inntrykk av at bokmålsartikkelen finst. Noko han som oftast ikkje gjer, eller i det minste ligg han ofte ikkje der det er lenkt til.
  • Endå meir gjeld dette lenkjene i kolonnane for dei samiske namneformene. Dei er alle namna lenkte til se.wikipedia (Wikipedia på nordsamisk), og der verkar det gjennomført ikkje finnast slike artiklar (det verkar ikkje vere noko artikkel om Tysfjord kommune der ei gong). Viss se.wikipedia skal fungere som andre Wikipedia-utgåver vil ikkje oppslaget om t.d. Namsen liggje på det sørsamiske namnet, på same vis som artikkelen om Kirkenes på Wikipedia på bokmål ikkje ligg på forma Киркенес. nb:Киркенес er på det meste ei omdirigering til nb:Kirkenes, og nb:Санкт-Петербург er på det meste ei omdirigering til nb:St. Petersburg. Sidan se.wikipedia er Wikipedia på nordsamisk skal artiklane der venteleg liggje på den nordsamiske forma, og om dei ynskjer det har dei omdirigeringar dit frå namna på andre språk (som lulesamisk og sørsamisk). At dei nordsamiske namneformene er lenkte til se.wikipedia fungerer kanskje ei gong i framtida, men at dei lulesamiske og sørsamiske skal gjere det er ikkje så truleg, og dei burde i alle tilfelle gå rett til der artikkelen (i teorien) ligg, ikkje til ei (tenkt) omdirigering.

Artikkelen er kryptisk og full av blå lurelenkjer, og faktainnhaldet verkar ikkje patent.

Utan tilført ekstrainformasjon, som koordinatar til kvart stadnamn, ref-lenkje ved kvart stadnamn til spesifikt treff i stadnamndatabasen til UiT og ei informativ innleiing på artikkelen ser eg ikkje nytten med denne artikkelen. Det same gjeld dei andre artiklane i kategori:Lister over samiske namn.

--Jorunn 3. mars 2010 kl. 11:30 (CET)[svar]

Må seie meg einig i alt Jorunn seier her – om artiklane trengst til eit eller anna prosjekt, passar dei betre som undersider av brukarnamnet ditt, eller eventuelt i Wikipedia-namnerommet. --EIRIK\diskusjon 3. mars 2010 kl. 11:47 (CET)[svar]
Samisk Wikipedia er et prosjekt som er under oppstart. Oversiktene er for å finne ut av hvilken artikler som høre sammen, og om det finnes aktuelt innhold på nynorskutgaven som kan brukes. Samisk består av flere former, hvor lulesamisk, sørsamisk og nordsamisk er noen av de aktuelle formene. Det er ikke sjekket om lenker går til pekersider, oversiktene tar utgangspunkt i navnelister – ofte kalt lemmalister. Forøvrig, om det er slik at nynorskprosjektet ikke ønsker lemmalister så er ikke det noe problem, prosjektet kan gjennomføres uten artikler på nynorsk. — Jeblad 3. mars 2010 kl. 12:28 (CET)[svar]
se er ISO 639-1-koden for nordsamisk spesifikt ([1]), ikkje for samisk. Dei andre samiske språka har ikkje ISO 639-1, men dei har ISO 639-2 og ISO 639-3-kodar. se.wikipedia kan sjølvsagt velje å inkludere andre språk på wikien, men det er det i såfall se.wikipedia-prosjektet sjølv som skal avgjere (ved konsensus på se.wikipedia av dei som lagar wikien der), ikkje t.d. Wikimeda Noreg, Det norske sametinget eller eg for den del. I grunnskulen vart eg fortalt at dei samiske språka kunne vere like ulike kvarandre som tysk og norsk, om det stemmer verkar det vanskeleg å ha t.d. nordsamisk og sørsamisk på same wikien.
Slik du omtalar formålet med artikkelen verkar stoffet heilt klårt ut til å høyre heime i brukarnamnerommet ditt, ikkje i hovudnamnerommet. --Jorunn 3. mars 2010 kl. 14:16 (CET)[svar]
Om dette ikkje er ein artikkel eller ein leksikalsk liste, burde den liggje i eit anna namneromm enn artikkelrommet. Anders 3. mars 2010 kl. 12:42 (CET)[svar]
Jeg skjønner ikke hvordan dere kan si at dere ikke ønsker lemmalister, det er slikt leksikonforlag kjøper. Uansett er det ikke aktuelt å legge inn stoff det blir splid om så derfor er det enklest om dere sletter stoffet. Jeg kommer ikke til å legge mer arbeid i å legge inn slike lemmalister. — Jeblad 3. mars 2010 kl. 13:10 (CET)[svar]
Eg skjønar ikkje at du ikkje forstår at Wikipedia ikkje nødvendigvis vil ha kva som helst eit forlag vil kunne ynskje å kjøpe. --Jorunn 3. mars 2010 kl. 14:16 (CET)[svar]
Jeg taler kun for meg selv, men jeg skjønner ikke hvordan Jeblad har kommet til at jeg ikke ønsker lemmalister? Jeg har derimot foreslått at det kanskje kan ligges inn i et annet navneromm enn hovedrommet istedet. Anders 3. mars 2010 kl. 13:19 (CET)[svar]

I og med at Brukar:Jeblad seier at «Oversiktene er for å finne ut av hvilken artikler som høre sammen, og om det finnes aktuelt innhold på nynorskutgaven som kan brukes.» byrjar eg no å flytte listene til namnerommet til Brukar:Jeblad. Hovudnamnerommet er for leksikonstoff som er tilrettelagt for vanlege brukarar, og det var aldri intensjonen med dette stoffet. --Jorunn 3. mars 2010 kl. 14:46 (CET)[svar]

Eg har kommentert denne diskusjonen på Samfunnshuset utan å lese tråden her, dessverre. Dei svake sidene ved listene som blir vist til her finst, m.a. problemet med identiske former lista for nord- og lulesamisk. Listene er likevel nyttige, for wp-skribentar, kanskje i lag med dei originale listene som tilleggsinfo. No trur eg ikkje denne saka bør få folk til å reagere negativt den eine eller den andre vegen. Men ja, dei passar betre på utsida av hovudrommet. Trondtr 4. mars 2010 kl. 22:51 (CET).[svar]