Diskusjon:Samuel Taylor Coleridge

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Olve skreiv i ein parentes: "Enkeltdikt som fragment eller del av større verk skal stå i «hermeteikn», heile verk i kursiv". Eg er ikkje sikker på kva du meiner, Olve. Skal alle enkeltdiktnamna ha hermeteikn i staden for kursiv, eller berre dei som liksom ikkje er ferdige? Skal berre dikt-samlingar ha kursiv?--Erling 10. juli 2005 kl. 08:46 (UTC)

  1. Alle verk som er utgjevne som heile verk — diktsamlingar, lange dikt som er utgjevne i eiga innbinding, skodespel, symfoniar og liknande skal stå i kursiv (Hamlet, Bygmester Solness, Má vlást). Aviser og tidsskrift fell òg inn under denne kategorien (Romsdals Budstikke, Aura Avis, Syn og Segn).
  2. Alle verk som berre utgjer ein del av ei enkeltutgjeving, t.d. enkeltdikt frå diktsamlingar, enkeltsatsar frå symfoniar, noveller og liknande, skal stå i «hermeteikn» (t.d. «Jeg ser» av Obstfelder). Fragment på nokre få sider vil i praksis falle inn under kategorien delverk, og dermed blir det rettast å setja dei i kursiv. -- Olve 10. juli 2005 kl. 08:58 (UTC)