Diskusjon:Sentralbank

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Er det ikkje feil å seia at sentralbanken styrer pengepolitikken? Dei fleste statar har jo faktisk regjeringar og lovgjevande forsamlingar som eigentleg har makta over pengepolitikken. Så det korrekte er vel at sentralbanken har ansvaret for å gjennomføra den pengepolitikken som er vedteken? --Tannkrem 22:56, 1 desember 2006 (CET)

Hmmm, ja... Litt ukritisk omsetjing frå bokmål her. Det varierer frå land til land faktisk! I Noreg gjennomfører Noregs bank den vedtekne pengepolitikken, mens andre sentralbankar er uavhengige og set retningslinene sine sjølv. Omskriving! :) --Erlend 23:00, 1 desember 2006 (CET)
Dei set vel retningslinene sine sjølv så lenge dei får lov til det (altså fram til dei "eigentlege" herskarane overstyrer eller sparkar leiinga i sentralbanken), dei har jo ikkje fått makta over eit politikkområde til evig tid. Men at ein sentralbanksjef reelt sett kan ha stor makt over pengepolitikken, er ei anna sak. Rådmannen har stor makt over politikken i dei fleste norske kommunar òg, utan at det dermed er rett (kanskje i nokre høve sant, men ikkje leksikalsk) å seia at rådmenn styrer kommunar. --Tannkrem 23:07, 1 desember 2006 (CET)
:) Eg har skrive om litt og vonar dette vart bra. Fint du følgjer med! --Erlend 23:27, 1 desember 2006 (CET)
Jau då, innleiinga vart mykje betre no. Men kvifor tok du vekk "politiske" under rentestyring? Dei ulike målsetjingane ein fastset styringsrenta etter er jo politisk motiverte, same kven som fastset dei? Og punktet om at sentralbanken kan ha som oppgåva å "Utforme og implementere pengepolitikk og valutapolitikk, og regulere rentenivået i tråd med målsetnadene for desse", kan òg gjerne stå slik det sto, den er jo høgst reell. Så eg reverterar dei to delene av endringa di. --Tannkrem 23:35, 1 desember 2006 (CET)
Tok bort punktet om utforme og implementere vha. renta sidan sidan det stod i rentestyringsbolken du la til. Om arbeidet til sentralbanken er politisk eller ikkje, synest eg er litt POV, så derfor er det like greitt å ikkje setje på dét adjektivet. Mange vil nok hevde at til dømes inflasjonsstyring er basert på teoretisk og empirisk forskning. Så kan ein sjølvsagt igjen diskutere om forskninga er politisk nøytral, og så bortetter. --Erlend 23:45, 1 desember 2006 (CET)
Eg synest ikkje det er politisk unøytralt å meina at det ligg økonomisk-politiske målsetnader til grunn for ulike prioriteringar i rentepolitikken. Inflasjonsstyring skapar stabil økonomi (eller noko i den duren?), og det er jo òg ein politisk målsetnad. Styring av renta ut frå eit mål om sysselsetjing kan vel og forskast på, utan at det av den grunn sluttar å vera ein politisk målsetnad å få folk i arbeid? Poenget ditt om forsking på pengepolitikk kan du jo godt prøva å stappa inn i artikkelen ein eller annan stad. Men om du skriv at inflasjonsmålet er betre enn andre målsetnader, då vil eg koma og veifta med POV-stempelet. :p --Tannkrem 23:54, 1 desember 2006 (CET)