Diskusjon:Seter

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

januar 2010[endre wikiteksten]

Dei internasjonale oppslaga for 'seter' er ein lapskaus. Eg tok ut 'Alpine tundra' på engelsk, men det er ein del att. Grunnen ser ut til å vere at artiklane både på norsk og på andre språk handlar om for mange ulike ting. For eksempel peikar svensk 'fäbod' vidare til 'fäboddrift' som har eit heilt anna sett av internasjonale oppslag, stort sett variantar over 'transhumance' "setring". Eg trur vi treng separate oppslag for i alle fall

- seterdrift/setring (det meste av stoffet høyrer heime her) - seter - setervoll (særleg som botanisk fenomen) - sel - fjellbeite

Men dei burde skrivast av nokon med større forstand på jordbruk enn meg.

(Eg har skrive same kommentar til bokmålsartikkelen, som er lengre og betre. Nynorsk Wikipedia brukar å vere betre når det gjeld landbruk og folkeminne, men ikkje her.)