Diskusjon:Signifikant bølgjehøgd

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

"I følgje Det irske marineinstituttet vart det 9. desember 2007 målt ei signifikant bølgjehøgd på 17,2 m over ein periode på 14 sekund." -Kvifor er dette relevant? Er det ein rekord? --Tannkrem 11:36, 27 januar 2008 (CET)

Eg syns det er relevant. Ei måling opp mot den teoretiske grensa for kor høg signifikant bølgjehøgd kan verte. Det vart faktisk målt over 10 minutt. Det var bølgjeperioden som var 14 sek. Dette skal eg retta. --Frokor 11:58, 27 januar 2008 (CET)
Eg rekna jo med at det var ein grunn til at det sto her, viss ikkje hadde du vel ikkje skrive det. Men om det er ein rekord bør det vel kanskje stå at «dette er det høgaste som nokon gong er målt» e.l.? --Tannkrem 12:05, 27 januar 2008 (CET)
Det er truleg rekordhøgt, men det står ikkje det i kjelda. Eg veit NOAA i USA omtalar ei måling ved Aleutane på 16,8 m som den høgaste Hs som er målt. Norne i Norskehavet skal òg ha målt opp mot 17 meter, men erfaringa til oss på Storm WC som varslar for Norne dagleg er at målingane her truleg er overestimert. På plattformene i Nordsjøen og Norskehavet nyttar dei bølgjeradar, og desse er noko unøyaktige og må kalibrerast ofte, noko som regel ikkje skjer. På Tampen ligg t.d. plattformene tett i tett, men stundom kan det vere 1-2 meter skilnad på målingane. Målingane ved Irland og Aleutane var bøyer som duppar opp og ned i sjøen og som er meir nøyaktige. --Frokor 12:39, 27 januar 2008 (CET)

Død lenke[endre wikiteksten]

Under automatisk robotkøyring blei det oppdaga at følgjande eksterne lenke var øydelagt. Gjer vel og sjekk om lenka faktisk er øydelagt, og fiks eller fjern ho om så er tilfelle. Les meir…


Denne nettsida er lagra i Internet Archive. Vurder om lenka kan endrast til å peike til éin av de arkiverte versjonane: [1]. BepBot 25. august 2008 kl. 02:49 (CEST)[svar]

[daud lenkje]