Diskusjon:Sjølmord

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Den her artiklen bør slettast. Ikkje særleg kjent gruppe det her.--Jonasss 20:37, 14 februar 2007 (CET)

Då får du leggja inn ein sånn: {{slett}} øvst i artikkelen. Ut frå artikkelen kan det sjå ut som om dei faktisk har vore litt kjende ein gong, sjølv om dei ikkje har gjeve ut meir enn ein ussel singel. --Tannkrem 20:41, 14 februar 2007 (CET)
Kjenner ikkje til bandet, men eg syns han bør stå. --Frokor 20:57, 14 februar 2007 (CET)
Eg trur eg er samd med Frokor. Men litt betre kjelder hadde vore greitt å ha, når dei er såpass gamle og lite kjende. --Tannkrem 21:03, 14 februar 2007 (CET)
Samd med Tannkrem. Det stend artiklar om meir perifere personar og grupper enn desse, so kvifor skal ikkje Sjølmord få verta omtala når dei trass alt hev fenge plass i Norsk pop- og rockleksikon? Linuxboksen 08:50, 5 mars 2007 (CET)

Eg syns ikkje det er nok at dei har vore "litt kjende ein gong", og kun gjeve ut ein singel...--Jonasss 21:24, 14 februar 2007 (CET)

Eg synest dette er ein fin artikkel. Litt obskurt emne, men så vidt stort nok så lenge artikkelen faktisk fortel det som er å fortelja. Eg trur du er i mindretal. Men no har me fått ei kjelda inn i artikkelen, så noko godt har det då kome utav å slettemerka han. --Tannkrem 14:27, 15 februar 2007 (CET)
Eg ser det er eg som ein gong har oppretta han, men eg anar ikkje kvifor. Eg har verken interesse for bandet eller høyrt noko av musikken deira. :) --EIRIK\diskusjon 14:30, 15 februar 2007 (CET)
Tja... Om ein tel samlealbum-spora, så har dei no to eller tre utgjevingar (avhengig om ein tel med nyutgjevinga av «Holocaust») så da kryp dei vel akkurat over grensa for kven som kan vera med her... -- Olve 11:29, 5 mars 2007 (CET)