Diskusjon:Skriftspråk

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Kunstig eller ikkje[endre wikiteksten]

Formuleringa på no var ikkje så god, men den vi har no er heller ikkje heilt fin. Skriftspråk er kunstige i den forstand at dei representerer kultur (noko menneska har laga), der talespråk er natur (noko menneska ikkje medvite har laga, men noko som er del av det å vere menneske). Dermed er eg samd i rettinga, sjølv om "meir" kanskje er misvisande (skriftspråk er heilt kunstige, på eit vis). Derimot er det sant at mange brukar ordet "skriftspråk" for å referere til den dialekten eller sosiolekten som blir snakka av dei som tilfeldigvis har makta i eit språksamfunn. Denne ordbruken er sjølvsagt demagogisk og misvisande (vi snakkar med lydar og ikkje med bokstavar eller hieroglyffar), men ikkje desto mindre i bruk. Noko slikt kan vi få fram i artikkelen: At det finst dei som bruker ein slik terminologi, og på kva måte han representerer eit kategorielt mistak, og i røynda ei monopolisering av skriftspråket. Det eliten i desse samfunna snakkar er jo heller ikkje noko som står i direkte samband med desse bokstavane, t.d. blir det for bokmål referert til folk som "snakkar skriftspråk" sjølv når dei uttaler "barn", med tre lydar heller enn fire, /baɲ/, mens ein uttale /barn/ blir sett på som eit avvik. /barn/ er sjølvsagt eit avvik frå talespråket til Oslo-overklassen, men det gjev ikkje meining å seie at /baɲ/ er i samsvar med skriftspråket. Noko slikt kan vi prøve å få fram. Trondtr 7. okt. 2005 kl. 10:02 (UTC).

Det kan heilt sikkert du gjera betre enn meg! Eg hadde ærleg talt ikkje høyrt "skriftspråk" brukt i tyding 2 frå no:, og Nynorskordboka var samd med meg. Men eg har sjølvsagt høyrt om at folk "snakker bokmål" eller nynorsk. Prøvde å skriva om litt, men det er sjølvsagt fritt fram for deg eller andre å forbetra til me får ein kjempeartikkel. -- Ranveig 7. okt. 2005 kl. 11:00 (UTC)