Diskusjon:Skyss-stasjon

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

skyss-stasjon er ikkje skrivefeil og artikkelen skal flyttast attende. --178.232.46.118 8. januar 2011 kl. 21:59 (CET)[svar]

Har ikkje sagt ar skyss-stasjon er feil. Oppslaget i nynorskodboka gir jo skysstasjon og skyss-stasjon som likeverdige former. Den vanlege skrivemåten er Skysstasjon. Ved søk på SNL finn ein ikkje ordet skyss-stasjon nytta ein einaste gong. Ved oppslagsord må ein velge ord som folk kan finne. Sidan den vanlege skrivemåten er skysstasjon må det vere hovudoppslaget. --Thesam 8. januar 2011 kl. 22:31 (CET)[svar]

Så lenge tittelen følgjer nynorsknormalen flytter ein ikkje. Ei omdirigering frå skysstasjon til skyss-stasjon gjer at dei som søkjer på skysstasjon finn artikkelen. Regelen om vanleg skrivemåte gjeld for unormerte namn og termar, for normerte ord følgjer ein Nynorskordboka, og når to eller fleire skrivemåtar er likestilte får artikkelen liggje der opprettar la han. --178.232.46.118 8. januar 2011 kl. 22:57 (CET)[svar]
178... har rett. Eg flytter tilbake. --Ranveig 8. januar 2011 kl. 23:02 (CET)[svar]