Diskusjon:Snus

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

1) Er snuff eit etablert norsk ord for nasesnus? Eller er det berre eit engelsk ord for snus som òg blir bruka som slangnamning for nasesnus? 2) er snus i EU-området ulovleg å bruke eller å selje? - Knut 18:32, 20 april 2007 (CEST)

1. Eg har høyrt ordet snuff om det å stappa tobakk i nasen, på eit norsk fjernsynsprogram. Det kan godt henda at snuff og snus opprinneleg er same stoffet, det veit eg ikkje.
2. Det er iallfall ulovleg å selja snus. Sverige er det einaste EU-landet der det er vanleg å bruka snus, difor har Sverige fått eit unntak då dei melde seg inn i EU. --Tannkrem 18:57, 20 april 2007 (CEST)
På dansk wiki står det ulovleg å selje, så eg rettar til det. Elles tok eg ut tyggetobakken, han vert vel kalla skrå og må vel vere verd ein artikkel, dersom vi har wikipedantar som har prøvd slikt. - Knut 19:47, 20 april 2007 (CEST)