Diskusjon:South Park

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Kom gjerne med info om meir dykk vil ha i denne artikkelen. Eg veit ein god del om South Park

Eg vil ha meir om det satiriske og politiske innhaldet i serien, som rett nok er godt skjult om ein ser episodane isolert sett, men som likevel er klårt uttrykt frå skaparane i intervju og liknande. Her er det også naturleg å ta med eventuelle følgjer filmen kan ha fått utanfor underhaldningsverda, av debattar eller anna.
Skriv gjerne litt om kva serien går ut på, altså handlinga, og samfunnet han føregår i, gjerne med døme frå særleg viktige episodar. Det er jo ein viss kontinuitet i serien, det er bra å få med. Eit avsnitt om filmen hadde vore bra. Fleire av rollefigurane (chef, mr. Garrison og andre) kan godt få ei skildring, men få om nokon treng eigne artiklar, så eg synest me skal ta vekk dei fleste lenkjene til rollefigurar.
Særleg engelsk Wikipedia har utfyllande artiklar om det meste som gjeld både populærkultur og andre ting, også South Park. Treng du informasjon og detaljar, vil eg rå deg til å gå dit, heller enn til bokmålsversjonen. --Tannkrem 21:19, 19 februar 2008 (CET)


Eg ser at nokon har henta info frå bokmål versjonen om South Park, men dette førte til litt rot (som eg no har ordna opp i) og litt unøyaktig informasjon (som eg også har ordna opp i). Det hadde vært fint om dykk kunne lese igjennom teksta slik at ting ikkje blir sagt to gangar ;) Kontorstol 23:31, 19 februar 2008 (CET)

Me brukar vanlegvis ikkje halvfeit skrift nedover i artiklane, men skråstilt når det er noko me vil utheva. Eg har sett inn att lenkjene til hovudrollefigurane, me kan godt ha lenkjer til dei sjølv om artikkelen ikkje er så stor (enno) at han treng å delast opp.
Når du legg til kategoriar, må du prøva å finna kategoriar som alt finst på Nynorsk Wikipedia, og under det rette namnet. Viss den rette kategorien ikkje finst, kan du oppretta han sjølv. Det hjelper ikkje å bruka dei frå bokmålswikipediane, for dei heiter ofte ikkje det same. --Tannkrem 00:03, 20 februar 2008 (CET)


Det er greit ;) Eg har no lagt inn informasjon om filmen, både litt om når han blei laga, og om handlinga. Kontorstol 00:12, 20 februar 2008 (CET)