Diskusjon:Storhornet ved Store-Standal

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Endra artikkelen Sylvkallen til Storhornet, eg synest det lokale namnet på heile fjellet bør vere hovudnamn. Sylvkallen blir omdirigeringsside. Og så har eg retta «Storehornet» til «Storhornet», slik vi lokalkjende seier det, og slik Ragnar Standal skriv det i Hjørundfjordboka band V.--Egil Arne 17. april 2009 kl. 23:03 (CEST)[svar]

Dette er eg i mot av to grunnar: Det er eit anna fjell i Ørsta, noko lenger sør, som heiter Storhornet på kartet. Me har tidlegare blitt samde om at me rettar oss etter Stadnamnregisteret når det gjeld artikkelnamn. At det lokalt blir nytta eit anna namn får ein så gjera merksam på i artikkelen, og i artikkelen om det andre Storhornet. --Ekko 18. april 2009 kl. 00:21 (CEST)[svar]
Du får gjere kva du vil :). Eg har forklart at det opphavlege namnet på fjellet er Storhornet, og forklart kva namnet Sylvkallen eigenleg er, og belagt det med kjelde. (Dessutan har eg alltid visst at det er slik -.) Eg har merka artikkelen slik at her ikkje skal skje forveksling med Storhornet på Bjørke - begge artiklane er tydeleg merka med kvar dei to Storhorna ligg. Eg har laga omdirigering frå Sylvkallen. Det ligg i dette at eg meiner at Stadnamnregister og kart er feil, dei brukar eit namn på fjellet som eigenleg er namnet på ein nabbe eit stykke under toppen. Men eg bryr meg eigenleg ikkje så hardt - eg er vel eigenleg meir opptatt av om eg ikkje burde fått tatt meg ein tur opp? Ha ein framleis fin kveld! --Egil Arne 18. april 2009 kl. 00:42 (CEST)[svar]
Berre ein kjapp kommentar i forbifarten: Ser at begge namna står på kartet, relativt tett inntil kvarandre, på kartet som visest på «Norgesglasset». Så da er vel eigentleg valet fritt...? :) Olve Utne 18. april 2009 kl. 02:26 (CEST)[svar]
Slik Egil Arne skriv, er det to namn i området, eit namn på fjellet, og eit namn på knausen. Løysinga han har vald, er etter mitt syn forbiletleg. Begge dei brukte namna vert nemnde i artikkelen, og han dokumenterer med ei solid kjelde at det er slik. -- Knut 18. april 2009 kl. 08:01 (CEST)[svar]
OK. --Ekko 18. april 2009 kl. 15:19 (CEST)[svar]