Diskusjon:Styggmyr

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Dette ser ut som sitat frå platemeldingar, og ikkje ein leksikonartikkel. Det meste av det som står her, høyrer ikkje heime her, og det meste av det som trengst i ein artikkel om ei musikkgruppa (som nøytral informasjon om sjanger, popularitet og andre ting som kan skrivast om på ein objektiv måte) står det ingenting om. Og om musikken er så amatørmessig som det framstår her, er gruppa truleg ikkje kjend og populær nok til å ha artikkel på Wikipedia. Det er heller ikkje kjelder her, anna enn gruppa si eiga heimesida. Eg føreslår difor at denne artikkelen vert sletta. Så kan han heller opprettast att dersom nokon ein gong vil skriva ein skikkeleg artikkel, og kan koma med kjelder som viser at gruppa er leksikonverdig. --Tannkrem 19:17, 26 mars 2007 (CEST)

Sant! --Ekko 19:39, 26 mars 2007 (CEST)
Artikkelen kann sikkert forbetrast, men han bør absolutt ikkje slettast. At musikken ikkje er populær nok fordi produksjonen er "amatørmessig" tykkjer eg er eit merkeleg argument å nytta mot eit blackmetal-band. Elendig produksjon var eit typisk kjennemerke for dei fyrste blackmetal-banda i Noreg, og grupper som Darkthrone eksperimenterte heilt medvite med "dårleg lyd". At Styggmyr gjer det same er heilt naturleg for eit band som ynskjer å spela mest mogleg autentisk blackmetal. Linuxboksen
Ein viktig skilnad her er at Darkthrone er populære og kjende. Og dei har heller ikkje ein (subjektivt og unøyaktig formulert) artikkel på Nynorsk Wikipedia. Eit kjapt gugel-søk viser at du samanliknar to grupper som ikkje er samanliknbare: Styggmyr: 4000 treff Darkthrone: Over ein million treff
Framleis har me ingen kjelder og ingen nøytrale, kontrollerbare opplysningar, og då skal artikkelen i prinsippet ikkje vera på Wikipedia. --Tannkrem 18:35, 20 april 2007 (CEST)
Styggmyr er då betre kjende enn til dømes ymse obskure punk-grupper frå tidleg på 80-talet (som Sjølmord).
Styggmyr hev heimesida www.styggmyr.com. Umtala av platone deira finn du på www.heavymetal.no:
http://www.heavymetal.no/show.article.asp?menuid=10&artid=2747
http://www.heavymetal.no/show.article.asp?menuid=10&artid=844
Linuxboksen
Ja, du har overtydd meg om at Styggmyr er kjende nok til å kunna ha artikkel på Wikipedia. Problemet er at dei ikkje har ein artikkel på Wikipedia, dei har nokre avsnitt med for det meste unyttig informasjon som ikkje er verifisert. Om dei er meir kjende enn gruppa Sjølmord er irrelevant. Skilnaden på dei to gruppene er i Wikipedia-samanheng at artikkelen om Sjølmord har kjelder. Plateomtalar er ikkje gode nok kjelder, heller ikkje gruppene sine eigne heimesider. Du har sikkert god nok kunnskap om gruppa og nok erfaring med Wikipedia til at du kan skriva ein skikkeleg artikkel, i staden for å krangla med meg om kor viktig gruppa er, og finna fram andre grupper (som ikkje har uverifiserte artiklar på Wikipedia) for å samanlikna. Om ikkje du i løpet av relativt kort tid skriv om artikkelen og finn dei kjeldene han treng for å overleva, vert han sletta, så enkelt er det. --Tannkrem 16:54, 25 april 2007 (CEST)
No hev eg jobba litt meir med artikkelen. Tykkjer du det er betre no? Linuxboksen 14:05, 26 april 2007 (CEST)
Eg meiner at platemeldingar er
  1. ikkje særleg relevante
  2. ikkje nøytrale
  3. ikkje gode kjelder.
Det viktigaste poenget mitt heilt frå byrjinga, var at platemelding-preget må vekk frå artikkelen. Om gruppa er polert eller ikkje, er ikkje interessant for ein leksikonlesar. Men bortsett frå det, så kjem det seg. --Tannkrem 14:12, 26 april 2007 (CEST)
Samd i det siste. Men det må då vera lov å syna til platemeldingar, og referera desse på ein mest mogleg nøytral måte, korleis skal ein elles få fortalt kva slags musikk det er gruppa spelar? Er det ikkje det platemeldingar er til for? Linuxboksen 14:15, 26 april 2007 (CEST)
Det er mogleg å bruka platemeldingar som kjelder i nokre samanhengar, til dømes som kjelda for kva slags sjanger dei spelar i. Men platemelding-sjargong (t.d. "fullstendig upolert thrash metal og war metal av den aller mest primitive sorten") bør me ikkje bruka, fordi det ikkje er leksikonspråk. Og eg ser heller ikkje nokon stad at ein platemeldar skuldar gruppa for å vera ein parodi, berre at dei er talentlause. Bortsett frå dei to setningane er artikkelen heilt OK for meg no. --Tannkrem 14:19, 26 april 2007 (CEST)
Det ligg no millom linone at platemeldaren ikkje tek utgjevingi serleg seriøst, men sidan han ikkje segjer det eksplisitt er det no berre mi tolking. Eg skal skriva det um. Linuxboksen 14:21, 26 april 2007 (CEST)
Eg synest dei to platemeldingane kan fjernast frå artikkelen, og erstattast med ei betre formulering om sjangerval og uttrykk.
Ein annan ting; det hadde kanskje vore greitt å ha litt opplysningar om populariteten til gruppa. Det er jo absolutt leksikalsk interessant. --Tannkrem 14:24, 26 april 2007 (CEST)
No er platemelding-referansane kutta ned til eit minimum. Elles samd i at popularitet bør vera med, og det er vel hevja yver all rimeleg tvil at Styggmyr hev eit tollegt smalt publikum. Men kvar eg skal finna kjeldor for akkurat det hev eg ingen teori um. Linuxboksen 14:30, 26 april 2007 (CEST)

Slett! --Ekko 21:03, 20 april 2007 (CEST)