Diskusjon:Subjekt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Subjektet i norsk før eller etter?[endre wikiteksten]

Formuleringa "leddet etter det finitte verbet" var litt klønut, ja. Det eg meinte var at viss du sett eit nytt adverbialledd først i setninga vil det leddet du deretter finn rett etter det finitte verbet vere subjektet. Formuleringa no "viss ein ser bort i frå adverbial" er ikkje god den heller, for kor er subjektet viss vi ser bort i frå adverbialet? Jo, framleis etter verbet. Ein betre versjon vil vere "Subjektet er det leddet som står rett etter det finitte verbet viss vi gjer setninga om til eit ja/nei-spørsmål". Trondtr 23:50, 30 april 2007 (CEST).

Enig i den, definisjonen er mykje meir nyttig no... --Kiwibird 12:20, 2 mai 2007 (CEST)

Dette bør kanskje slettast: "og det er subjektet som kan kontrollerast utanfrå i infinitivskonstruksjonar." Det føreset strengt tatt at ein introduserer omgrepet PRO-subjekt eller eventuelt ‘underforstått subjekt’ i infinitivsetningar. Det kan ein jo gjera, men seier ein B bør ein gjerne ha sagt A også... --Øystein 23:26, 6. april 2010.

Forståeleg eller presist[endre wikiteksten]

Det er viktig at innhaldet i eit leksikon er eintydig og presist. Men det er like viktig at det er forståeleg for folk som ikkje har fagkunnskap på området. Denne artikkelen (som fleire i same kategori) vil vere vanskeleg å forstå for ein amatør, blant anna fordi vi ikkje forstår tydinga av finitte verb. Å skilje ut bolken subjekt i norsk er eit godt pedagogisk trekk, så kan vi amatørar hoppe over den generelle og vanskelegaste bolken. Vidare kunne det vere til hjelp å illustrere med døme på korleis ei setning vert gjort om til ja/nei-spørsmål. Men korleis ein elles skal greie å vere både forståeleg og presis, er ei stor pedagogisk utfordring.

Eg vil samtidig viderebringe ei melding eg har høyrt frå ein skoleelev: «På bokmålswikipedia verkar det som mange prøver å leggje inn så mange vanskelege ord som muleg, berre for å vise at dei kan mykje om feltet. På nynorskwikipedia er orda lettare forklart.» Når eg les denne artikkelen, forstår eg at dei vanskelege orda (her som på nb-wp) ikkje er lagde inn for å imponere. Skal eg bli imponert, må det vi bruke enklare ord! --Knut 7. april 2010 kl. 08:56 (CEST)


Eg har forsøkt å skriva om artikkelen litt i håp om å imøtekomma kommentarane frå Knut. Er det betre no? Eg tykkjer elles det siste avsnittet (med referanse til Dyvik 2000) kan slettast, men det kan Trond få lov å gjera sjølv (viss det no er han som har skrive det). --Øystein 11:33, 7. april 2010 (CEST).

Jo, det er betre. Men eg er ikkje fullnøgd. Dei som kan tenkje seg å slå opp ein artikkel om «subjekt» vil ofte vere elevar i vidaregåande, kanskje også ungdomsskolen. For dei er det best at ein artikkel begynner lettforståeleg: Kva er eit subjekt, enkelt og prinsipielt forklart, og at han så vert bygd opp med meir avanserte problemstillingar, som folk på mitt kunnskapsnivå kunne lært noko av. (Eg kan det eg lærte om subjekt og predikat på barneskolen i 1972, men kan ha godt av ei oppdatering, spesielt med nye omgrep.)
Men problemet er ikkje akutt, artikkelen er grei, og kritikken min gjeld eigentleg generelt, og ikkje denne artikkelen spesielt. Eg ser at SNL forklarer omgrepet like innfløkt, med unntak av ein støtteartikkel om «Logisk subjekt», som eg synest var enkel og grei. --Knut 7. april 2010 kl. 13:32 (CEST)