Diskusjon:Sudoku

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Anonymet tull?[endre wikiteksten]

Aftenposten sin Sudok på nett har 3x3 ruter (og boksar) og ein kan bruka tala 1 til 9, er papirversjonen annleis? Er det berre tull dette den anonyme driv og fiksar på? --Guttorm 21. sep. 2005 kl. 06:52 (UTC)

Den delen han retta var om ein lynsudoku, og dei har 2x3 ruter. Eg veit ikkje kva Aftenposten har nå, men kan tenka meg at dei har prøvd ut ulike variantar. -- Ranveig 21. sep. 2005 kl. 08:11 (UTC)
Så "lynsudoku" er altså ein eigen type sudoku? Som sagt så er har ikkje Afteposten noko slik sudoku på nett, i det minste ikkje på lenkja som ligg i artikkelen. Kva med den andre endringa han gjorde? --Guttorm 21. sep. 2005 kl. 08:29 (UTC)
Det var eg som gjorde endringane. Fint at du er skeptisk. Men det går jo an å sjekke andre kjelder, t.d. bokmåls-wikipediaen, eller den engelske versjonen (som er ganske omfattande). Lynsudokuen bør endrast til 'seks boksar' og, det gløymde eg. Det som i alle fall er sikkert, er at vanskegraden ikkje på nokon måte er avhengig av kor mange tal som er gjevne på førehand. Sudokuar med 17 'clues' kan vere like lette som dei med over tretti (og omvendt). O.N.
Eg er einig, o anonyme O.N. Det er plasseringa som gjer det lett eller vanskeleg. -- Ranveig 21. sep. 2005 kl. 08:52 (UTC)
Grunnen til at eg er skeptisk er at det er ei lenkje til Aftenposten sin lysudoku i artikkelen, dersom du opnar den sida vil du sjå at sudokuen der ikkje er slik som skildra i artikkelen. Eg reknar med dette er fordi Aftenposten sin sudoku på nett ikkje er ein lynsudoku, men at dei har ein lynsudoku i papirutgåva? Dersom så er tilfelle bør "lyndelen" i skildringa åt lenkja takast bort. --Guttorm 21. sep. 2005 kl. 09:00 (UTC)
Har du sjekka lenkja nederst i artikkelen: "Aftenposten lanserer sudoku"? (http://www.aftenposten.no/nyheter/nett/spill/article1053545.ece)? Her er teksten:

Lyn-Sudoku 6. juni Seks dager i uken legger Aftenposten.no ut en ny Sudoku-oppgave. GUDMUND BARTNES


Fasiten legges ut i morgen.


Les også Hvordan spille Sudoku - 06.06.2005 Tidligere oppgaver - 06.06.2005 Du har 6 x 6 felter, delt opp i ni bokser á 2 x 3. Spillets mål er enkelt: hver loddrette ogvannrette rad, og hver boks med 2 x 3 felter, skal inneholde alle tall fra 1 til 6.

Sudoku i sin nåværende form stammer fra Japan, og navnet er japansk. Su betyr tall, ogDoku kan oversettes med alene eller enslig.

Fasiten på dagens oppgave får du i morgen.

Nederst på denne siden kan du klikke deg inn til oversikten over alle tidligere oppgaver vi har lagt ut.

Lykke til!

(Om det er interessant å ha med lynsudokuen i artikkelen er ei anna sak, men det som står bør helst vere korrekt.) --217.68.117.227 21. sep. 2005 kl. 09:24 (UTC)

Det er vel og bra det, men slik teksten er no så blir det ikkje referert til Aftenposten sin lynsudoku 6. juni, det blir referert til Aftenposten til lynsudoku. Spørsmålet er difor framleis om det er ein slik lynsudoku dei har no og om den er i papirutgåva, artikkelteksten må endrast i alle tilfelle, og det er mogleg ein berre bør sløyfa den spesifikke teksten om Aftenposten sin lynsudoku. Er forresten "lynsudoku" eit eige begrep? --Guttorm 21. sep. 2005 kl. 09:37 (UTC)
Greit. Lyn-sudoku ser ut til å ha blitt eit innarbeidt begrep (608 treff i Google), og betyr 6x6, til skilnad frå dei klassiske sudokuane på 9x9 ruter. Om avsnittet 'Sudoku i Noreg' bør skrivast om, har eg elles inga meining om, det blir i så fall ikkje mi oppgåve. Eg er meir interessert i ulike sider av sjølve oppgaven, som løysingsmetodar, knytingar til matematiske problemstillingar og anna. Den engelske wikipediaen har ein god del stoff rundt dette (artikkelen er og blitt kåra til 'featured article'). Men det er kanskje ikkje noko stort poeng å gjenta for mykje i den norske utgaven. O.N.

Eg er også ein av dei som har endra lynsudokuane, som finst i mange aviser, frå ni til seks boksar (to gonger, siste gongen i dag). Dessverre har eg vore slapp og ikkje logga meg inn først. Skjønar no at ein alltid bør gjera det, for at endringa skal synast meir påliteleg. --Erlend 2. okt. 2005 kl. 18:23 (UTC)