Diskusjon:Svastika

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Eg har sett dette symbolet i fjerne austen, med der var det speglvendt samanlikna med hakekrossen. Tar eg feil, eller er svastiken speglvendt på illustrasjonen nedanfor (fotografiet trur eg ikkje er speglvendt). - (Knut)

Fotografiet stemmer nok, ja. I dei fleste kjeldene eg har sett er symbolet svastika som på fotografiet, og altså speglvendt samanlikna med hakekorset nazistane bruka. Eg har òg hørt folk snakke om korleis hakekorset snur omvendt og dermed symboliserer ein dødsspiral i staden for ein livsspiral. Nokon som veit meir om dette frå eit (i vidaste tyding) indisk perspektiv? -- Olve 19:03, 16 februar 2007 (CET)
Eg har høyrt påstanden før. På en:Swastika står det (med spørjeteikn bak) at hakene kan peika båe vegar. Lenger nede i artikkelen står det "The left-facing swastika can be found in both Hindu and Buddhist tradition." Sjå òg Image:KunaYalaFlag.svg. --Tannkrem 19:10, 16 februar 2007 (CET)
Då spør eg etter truverdig dokumentasjon på at det finst hakekorslike (speglvende) svastikaer. - Knut 20:51, 16 februar 2007 (CET)
Om du ser på det flagget eg refererer til, ser du at det er ein spegelvend svastika. Er en:Kuna Yala truverdig nok? --Tannkrem 01:15, 17 februar 2007 (CET)
Same flagget, på en:Swastika, har ein rettvend svastika. Eg gjettar på at svastikaen gjekk gjennom stoffet, slik at han vart speglvend på baksida. Elles ser eg at begge utgåvane må ha vore bruka. Men enno står eg på at den rettvende svastikaen er speglvend jamført med hakekrossen. I alle fall er det slik han ser ut på tempelsymbol i Korea (om dei då ikkje brukar eit anna namn enn svastika for han, det veit eg ikkje). Begge symbola bør med, men den rettvende svastikaen, motsett hakekrossen, bør ha hovudplassen og plassen i infoboksen. - Knut 09:29, 17 februar 2007 (CET)
Kuna Yala-flagget peikar mot venstre båe stader, om ikkje augo mine lyg. Eg er ikkje heilt sikker på kva du meiner er rettvend og spegelvend. Caplex seier òg at hakekrossen til nazistane er spegelvend. Og biletet deira av hakekrossen peikar mot høgre. [1] [2] Eg er ganske sikker på at eg aldri har sett ein nazikross der hakene peikar mot venstre. Bileta i denne artikkelen viser to svastikaar som peikar same veg som hakekrossen. Om det er slik at hakekrossen verkeleg er spegelvend av svastikaen, og me kan finna betre dokumentasjon på det, bør me kanskje laga to artiklar. Men slik det ser ut no, vert den religiøse svastikaen teikna båe vegar, og hakekrossen er berre ein av dei to variantane. --Tannkrem 13:24, 17 februar 2007 (CET)
I hinduismen er det vanlegast å bruka svastikaer som peikar den same vegen som hakekrossen. Her er nokre bilete som viser den vanlege hinduistiske svastikaen i Bali, Uganda, eit tempel i Delhi, og på ein ring. Svastikaen som peiker den andre vegen (dvs peikar mot venstre) er også kjend men er vanlegaste brukt isaman med den som peikar mot høgre som i dette bilete. Eg trur (men er ikkje heilt sikker) at buddhistar på Sri Lanka bruker den same svastikaen som me hinduar bruker. Eg fann iallfall nokre gamle myntar frå Sri Lanka med den høgrepeikande svastikaen. -- Arvind 20:21, 17 februar 2007 (CET)

Svastika i Norrøn mytologi, Norrøne Symboler. --Borås 17:43, 26 mars 2007 (CEST)

Kvar kjem det frå at "hakekross" berre er dei med haka mot høgre?[endre wikiteksten]

Eg har ikkje funne nokon stad at hakekross berre er den med haka mot høgre. På t.d. Wikipediane på bokmål, svensk, islandsk, og SNL, vert båe krossane kalla hakekross. Eiliv U.H. (diskusjon) 29. mars 2018 kl. 01:20 (CEST)[svar]

I norske bumerker forekommer det både mot høyre og mot venstre.Hans Cappelen (diskusjon) 8. april 2018 kl. 15:14 (CEST)[svar]