Diskusjon:Tamil

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Tamil(sk)[endre wikiteksten]

Tamil kan berre vera substantiv på norsk, og kan brukast om det dravidiske språket tamil eller om ein person av tamilsk etnisitet. Det tilhørande adjektivet er tamilsk i båe tydingar, og i tillegg med meir generell tyding. Tamil- kan brukast i samansette ord — jfr. latin/latinsk. -- Olve 1. des 2004 kl. 23:04 (UTC)

Oi, oi! Tar på meg skylda for at det blei "tamil språk" med mellomrom. Det var nemleg eg som las opp ordet tamilspråk frå ordboka for Vadakkan. Der står ikkje tamilsk, men det er kanskje fordi ordet er nokså nytt i Noreg? Sjølv føretrekk eg nok tamilspråk framfor tamilsk språk, mest fordi det er lettare å seia! -- Ranveig 2. des 2004 kl. 18:46 (UTC)
Og korfor blir det så ikkje retta til tamilsk? Trondtr 29. jun 2005 kl. 2109 (UTC).
Fordi språknamnet er normert som tamil — sjå både nynorskordboka og Bokmålsordboka: [1] ! -- Olve 29. jun 2005 kl. 2129 (UTC)

Dagens artikkel på en.wikipedia[endre wikiteksten]

Tamil language er dagens artikkel på engelsk wikipedia. Kjekt å sjå ein artikkel med interwiki til nynorsk, der me òg er sterke! :) Bjarte 14. apr 2005 kl. 2231 (UTC)

Situasjonen no[endre wikiteksten]

Denne sida ligg på tamil. Tamilsk vert omdirigert til Tamil (fleirtyding). Tamilsk språk og andre omdirigeringar som openbart handlar om tamilsk språk omdirigerer til denne sida. EIRIK\diskusjon 29. jun 2005 kl. 2125 (UTC)