Diskusjon:Thorfossen

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Jeg finner ikke noen foss som heter Thorfossen hos Kartverket og heller ikke på World Waterfall Database - som står som kilde for oppslaget. Har også søkt på Torfossen. --Anne-Sophie Ofrim (diskusjon) 5. april 2015 kl. 13:13 (CEST)[svar]

Dette var ikkje lett å finna ut av, nei! No har eg blant anna sett i NAF Veibok og søkt google og kart på gulesider, men har ikkje funne sikkert prov om Thorfossen. På Google ser eg nokre sider der ein Thorfossen i Lærdal er nemnt, men fleire av dei er utanlandske... Det er ikkje sikkert dei har skrive namnet riktig. Og kvifor står han ikkje på World Waterfall Database? HallvardLid (diskusjon) 5. april 2015 kl. 14:15 (CEST)[svar]
Jeg ser at den har stått hos WWD tidligere arkivert utg. Kanskje oppslaget er fjernet fordi fossen ikke eksisterer.(?) --Anne-Sophie Ofrim (diskusjon) 5. april 2015 kl. 14:25 (CEST)[svar]
Om han eksisterer eller ikkje, er eg ikkje sikker på... Blant anna ser eg at fossen er nemnt og avbilda på ei norsk bloggside om isklatring. Men i alle høve bør me ha ei sikrare kjelde dersom me skal ha ein artikkel om denne fossen for å sikra oss om at me ikkje spreier feilinformasjon. Eg stemmer for å sletta artikkelen. HallvardLid (diskusjon) 5. april 2015 kl. 15:04 (CEST)[svar]
Flott at du oppdaga dette, forresten! HallvardLid (diskusjon) 5. april 2015 kl. 15:05 (CEST)[svar]
Eg har leita litt rundt på veven og i ulike arkiv, men eg fann heller ingen sikre kjelder som tydar på at Thorfossen finst. Eg er einig i sletting. Godt observert! – mvh Gaute snakk - epost - signér 5. april 2015 kl. 15:11 (CEST)[svar]

Fossen vert nemnd i eit dokument på laerdalferiepark.com. Der står det at fossen er ved Haukeligrovi i Råsdalen, d.e. her om lag. --Njardarlogar (ordskifte) 5. april 2015 kl. 16:02 (CEST)[svar]

Fint du fant den! Skal vi bare la artikkelen ha dette navnet da, selv om det antagelig ikke er et offisielt navn (ikke hos Kartverket). --Anne-Sophie Ofrim (diskusjon) 5. april 2015 kl. 20:00 (CEST)[svar]
Då eg oppretta artikkelen så var fossen nemnt på WWD. Det gjer han ikkje lenger. Men fossen finst for det. Det finst mange referansar til fossen og mange bilete av han på forskjellige nettsider, utelukkande knytt til isklatring (eit fåtal er ført opp her: [1], [2], [3], [4]) --Frokor (diskusjon) 5. april 2015 kl. 20:28 (CEST)[svar]
Ja, regnet med at den sto der da du opprettet artikkelen, jeg fant også en arkivert utgave hos Archive.org. --Anne-Sophie Ofrim (diskusjon) 5. april 2015 kl. 22:35 (CEST)[svar]