Diskusjon:Tomáš Masaryk

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Manglar med denne artikkelen (som eg ser det):

  1. Han er omtal som filosof og professor i filosofi. Dette er to ulike ting. Dersom han verkeleg var filosof, kva gjekk tenkinga hans ut på?
  2. I innleiinga blir han skildra som ei av dei største statsmennene på 1900-talet, kvifor?
  3. «..syna Masaryk si stordom, ikkje berre som vitskapsmann og politikar, men òg som menneske.» står det i innleiinga. Kva gjorde han som vitskapsmann og menneske, som står i stil med «ei av dei største største statsmennene»?
  4. Kva var eigentleg legionane han organiserte i Russland under revolusjonen?
  5. «Grunnleggjaren av Tsjekkoslovakia»? Korleis oppsto den nasjonalforsamlinga som valde han til president, og kvifor gjorde den det?
  6. Truleg er svaret på siste spørsmålet over at han var kjent for det han hadde gjort før han reiste ut. Kva hadde han utretta dei 14 åra han sat i riksdagen?
  7. Kvifor gjekk han av som president i 1935?
  8. I teksten står han berre oppført med to sønner. I ei bilettekst rett ved siden av står det «Masaryk med dottera Olga».

Ut i frå det som står i artikkelen no ser han ikkje ut til å ha utretta meire enn mange andre. Men det har han truleg. Ekko 20:33, 21 oktober 2007 (CEST)

Takk for innspela! Stykket har svara på 1. 5. 6. 7. og eg har gjort om litt i høve 8. Alt dette gjer òg ein indikasjon på 2. og 3.
Eg skal forsøke å finne ut litt meir om legionane han organiserte i Russland. -- Hogne 21:44, 21 oktober 2007 (CEST)

Død lenke[endre wikiteksten]

Under automatisk robotkøyring blei det oppdaga at følgjande eksterne lenke var øydelagt. Gjer vel og sjekk om lenka faktisk er øydelagt, og fiks eller fjern ho om så er tilfelle. Les meir…


Denne nettsida er lagra i Internet Archive. Vurder om lenka kan endrast til å peike til éin av de arkiverte versjonane: [1]. BepBot 25. august 2008 kl. 03:48 (CEST)[svar]

[daud lenkje]