Diskusjon:Torneå

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Eg ser ingen grunn til at denne artikkelen skal liggja her, og ikkje under Tornio. Eg har leita på Språkrådet sine nettsider, og funne ut at byen ikkje har eit norsk namn. Då er det vel meir naturleg å bruka det finske namnet enn det svenske, sidan byen ligg i Finland? --Tannkrem 20:09, 9 oktober 2007 (CEST)

Dette er det svenske namnet. Syns å hugse ein diskusjon om finske stader skulle ha svenske eller finske namn, men hugsar ikkje kva ein kom fram til. På snl.no nyttar dei det finske namnet. Når språkrådet ikkje har namna i listene sine syns eg det er ei god rettesnor. --Frokor 20:18, 9 oktober 2007 (CEST)
Nei, det synest eg ikkje. For meg er det finske namnet mest naturleg å bruka. Om byen heitte noko anna på meänkieli hadde eg hatt rom for diskusjon. Me bør flytta attende. --Tannkrem 23:17, 9 oktober 2007 (CEST)
Eg er litt usikker på kva du meiner med dette. Norsk Språkråd har inga meining om ein skal nytte finsk eller svensk form. Kva eventuelle finske offisielle organ meiner har inken verknad på kva me nyttar på norsk. --Ekko 11:18, 10 oktober 2007 (CEST)
Eg sende spørsmålet om denne byen og finske/svenske stadnamn til Språkrådet. Ventar på svar. --Frokor 11:26, 10 oktober 2007 (CEST)
I følge språkrådet skal ein nytte det svenske namnet på norsk for finske stader som offisielt óg har svenske namn. Det vil sei at Torneå er rett på norsk, og det same er Helsingfors, Åbo (Turku), Tammerfors (Tampere) osv.
Utdrag frå svaret eg fekk: «Det er vedteke at det etter offisiell norsk rettskriving skal nyttast svenske former for stadnamn i Finland med offisiell svensk form.» Eg lagar óg ein notis på Samfunnshuset om dette. --Frokor 12:46, 11 oktober 2007 (CEST)