Diskusjon:Trond Buland

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Kjelde frå no[endre wikiteksten]

Eg tykkjer det verkar litt snedig å henvise til bokmålswikipediaen som kjelde. Er det ikkje meir naturleg å presisere dette i endringskommentaren samt diskusjonssidene til artikkelen? Det ser jo elles ut til at vanleg praksis her på nn er å leggje kjeldene på diskusjonssidene utanom trykte fagkjelder. -- Larsivi 8. jun 2005 kl. 1218 (UTC)

Eg synest: Bokmålswikipedia er ei kjelde på linje med andre kjelder, og like mykje verd å referere til på ein heilt open og tydeleg måte (altså i sjølve artikkelteksten, ikkje berre som interwikilenkje og i samandragsfeltet).
Folk som ikkje sjølv har skrive eller redigert ein wikipediaartikkel (enno) skal også sjå at her er stoffet teke frå ein annan Wikipedia, utan å måtta lesa noko anna enn det som står i hovudfeltet på artikkelsida.
Dessutan, sjølv om alt Wikipediastoffet er fritt innhald burde det vera ein god skikk å fortelja kvar stoffet eigentleg kjem frå, om ikkje anna så av høviske grunnar. (Viktigare er at å ha gode kjeldetilvisningar er beste våpenet mot den alltid attendevendande kritikken mot Wikipedia med omsyn til truverde, men i dette tilfellet har ikkje Bokmålsartikkelen om Trond Buland nokon kjelder oppgjevne så det hjelpte ikkje noko vidare på truverdet av nynorskartikkelen. Men det burde ha vore oppgjeve kjelde på Bokmålswikipedia også. )
Engelsk Wikipedia seier her http://en.wikipedia.org/wiki/Wikipedia:Cite_sources :
Other-language wikipedias
When you use an article from a different-language Wikipedia as a reference, it belongs in the reference section. Use an external link rather than an interwiki link to avoid an unnecesary self-reference
Eg er klar over at dette ikkje er vanleg praksis her på Wikipedia på nynorsk, knappast på noko anna Wikipedia heller, men eg synest at det burde verta det.--Jorunn 8. jun 2005 kl. 1448 (UTC)
Eg er einig med Jorunn i at det er bra å etablere praksisen å ha fulle kjeldereferansar til andre wikipediaer under bolken «kjelder» i sjølve artikkelen. Men når det, som her, dreier seg om ein 2–4 liner med spiretekst som kan (og bør) etterprøvast m.a. med eit søk på BIBSYS, så er eg ikkje så sikker på at kjeldetilvisinga er så viktig... -- Olve 8. jun 2005 kl. 1605 (UTC)
Alle opplysningar skal etterprøvast, anten det er to eller 1000 linjer, og anten dei kjem frå Bokmålswikipedia eller ein annan stad. Stoffet skal også etterprøvast ETTER at det er kome inn på Nynorsk Wikipedia (og det av einkvar som kan koma til å lesa artikkelen, ikkje berre av andre wikipedantar), og det er difor ein oppgjev kjelder. Å ikkje setja inn kjeldeopplysning gjer vel ikkje artikkelen betre? Eller gjer det verkeleg artikkelen mindre bra at kjelda for han er Bokmålswikipedia, og kva fylgjer gjev i såfall ein slik sluttning? (I parantes kan nemnast at eg hadde sjekka på SAMBOK (46 treff) og Google (rikeleg med treff) og kome til at det såg ut til å stemma at det finnes ein Trond Buland som har gjeve ut bøker og arbeider på SINTEF.)--Jorunn 8. jun 2005 kl. 2212 (UTC)
Ja, spørsmålet blir berre kva som er «for lite» til å fortena plass i kjeldelista. Frå arbeidet mitt da eg gjekk på hovudfag i musikk og i samband med bokskriving og stipendsøknader veit eg at det finst ei grense for kor detaljert ein skal gå til verks her. Kopiering av ei spire på fire ord er eg mesta 100 % sikker på at det blir meiningslaust å oppgje spesifikk kjelde for i sjølve artikkelen. Ein artikkel på over ei side bør ein definitivt oppgje kjelde for. Men kor går grensa?
Når det gjeld etterprøving, så er eg sjølvsagt 100 % einig: Alt bør etterprøvast! Men eg trur truverdet til artikkelen hadde vorte enda høgre om du oppgav SAMBOK som kjelde i tillegg — eller kanskje til og med i staden, om det er slik at du gjekk etter kvar einaste saksopplysning... :) Olve 8. jun 2005 kl. 2227 (UTC)