Diskusjon:Trygve Birkeland

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Er denne personen kjend nok til å ha eigen artikkel?--Andreasv 3. november 2009 kl. 10:51 (CET)[svar]

http://no.wikipedia.org/wiki/Wikipedia:Stilmanual/Politikere

Han er gruppeleiar for ei bystyregruppe i ei kommune med over 25 000 innbyggjarar, og fyller dermed krava til politikarar på Wikipedia. Om eg har forstått det rett gjeld dei same reglane her som i bokmålsvarianten?

Kvar Wikipedia utarbeider sine eigne retningslinjer, så reglane på nb.wikipedia er ikkje nødvendigvis dei same som her. Ved tidlegare diskusjonar har det vore motstand mot artiklar om folk som «berre» er kommunestyrerepresentantar. --Jorunn 3. november 2009 kl. 11:12 (CET)[svar]

Ok, då er det med andre ord ikkje utarbeidd reglar for dette her enno?

Når det gjeld sjølve artikkelen, så er ikkje gruppeleiar det same som "berre kommunestyrerepresentant" - for the record så er ikkje kommunestyrerepresentantar rekna som relevant i bm-Wikipedia heller. Gruppeleiarstillinga inneber ein heiltidsjobb som politikar i Bergen kommune.

Den viktigaste skilnaden mot bokmålswiki er at vi (kanskje sidan vi ikkje har like mange brukarar) forsøker å unngå "dagsaktuelt" stoff som ofte må oppdaterast. Dessutan har vi vore meir opptatt av å oppgje kjelder for opplysningane, spesielt i biografiar. Det har med kvalitetssikring (og fare for spøkefullt eller ondsinna hærverk) å gjere. Som ein ser av kategoriane, manglar vi mange artiklar som vi "bør" ha. Kor den nedre grensa går, vil ikkje eg ha nokon meining om, men å leggje oss på same nedergrensa som bokmål, er sikkert ikkje dumt. --Knut 3. november 2009 kl. 11:25 (CET)[svar]
Det er sikkert greitt med faste retningsliner på store prosjekt, så unngår ein endelause debattar. Me har eit mindre aktivitetsnivå, og har råd til å syna kvar artikkel litt meir omsut. Tal er no berre ei anna tilfeldig grense, me kan også sjå på har mykje mediaomtale, eller er kjend i lokalmiljøet på anna vis. Om ein artikkel har samfunnsinteresse, bør han ikkje slettast. Det vil eg seia ein artikkel som denne har. Men han kan kanskje skrivast om så teksten ikkje så lett blir utdatert? --Ranveig 3. november 2009 kl. 12:27 (CET)[svar]