Diskusjon:US-dollar

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Amerika er ikkje eit land, men eit kontinent. Både Canada og USA sine valutaer er amerikanske dollar. For å unngå tvetydigheit bør denne artikkelen bør flyttast til USA-dollar, eller noko liknande. --Sigmundg 22:21, 3 april 2008 (CEST)

US dollar (US Dollar?) (forkorta USD) er eit innarbeidd omgrep, eg ser m.a. at Dagens Næringsliv skriv både USD og dollar. Og det er vel i strid med retningslinene å lansere nye omgrep? --Knut 22:35, 3 april 2008 (CEST)
Ja, du har rett; vi bør nytta namn som er vanlege. Men eg veit ikkje kva som er best av "US dollar" eller "USD". Skal det vera stor eller liten d i dollar foresten? --Sigmundg 23:02, 3 april 2008 (CEST)
Dagens Næringsliv skriv Amerikanske dollar i tabellen, men i kalkulatoren skriv dei US dollar med liten d [1]. Amerikanarane skriv sjølv med stor D, men eg trur ikkje vi har tradisjon for å bruke originalspråk i slike artiklar. Så då vert US dollar god norsk. - Knut 07:27, 4 april 2008 (CEST)

USA-amerikansk dollar er ei nemning som knapt vert bruka, og etter mi meining eit dårlegare namn enn US dollar. --Knut 25. mars 2010 kl. 12:13 (CET)[svar]

Språkrådet går inn for «amerikansk dollar el. US-dollar». Slå kron og mynt om dei. --Ranveig 25. mars 2010 kl. 12:45 (CET)[svar]
«Amerikansk dollar» er tvetydig, etter som kanadiske dollar òg er amerikanske dollar. «US-dollar» og fotkortinga «USD» er begge eintydige og bør difor nyttast. --Sigmundg 26. mars 2010 kl. 00:29 (CET)[svar]
Samd med Sigmund; sjølvsagt bør det vera bindestrek. --Knut 26. mars 2010 kl. 07:13 (CET)[svar]
US-dollar høyrest ikkje norsk ut etter mi meining. Når vi brukar «USA-amerikansk» i kategoriar, kvifor kan vi ikkje gjere det her? Vi har då omdirigeringar, og USA-amerikansk er elles føreslått som adjektiv ein annan stad på sida til språkrådet. Eg vil nesten seie alt er betre enn US-dollar – USA-dollar kunne eg ha vore med på til dømes, men vi seier ikkje til dømes «ein mann frå US». «USD» er ei ISO-forkorting, og vert etter mi meining difor noko heilt anna. --EIRIK\diskusjon 26. mars 2010 kl. 09:09 (CET)[svar]
Eitt spørsmål er kva som høyrest norsk ut. Eit anna er kva som vert bruka i dei kjeldene vi kan ause frå. mange av oss er vel gamle nok til å minnast Matt Dillon og Festus i «Krutrøyk»; då handla det om dalar. Det høyrdest norsk ut, men vi kan ikkje ha ein westernserie som kjelde. Mi synsing om USA-amerikanske dollar er ikkje noko betre, så eg spør heller: Kva brukar Oslo børs, kva tilrår Språkrådet? --Knut 26. mars 2010 kl. 11:10 (CET)[svar]
Ein av grunnane til at me bruker Språkrådet som rettesnor er nettopp for å unngå for mange synsediskusjonar. Sidan US-dollar ser ut til å falla best i smak, flytter eg tilbake dit. --Ranveig 26. mars 2010 kl. 12:41 (CET)[svar]
Artikkelnamnet har lagt til seg ein bindestrek etter att-og framflyttinga, så heilt utan netto var ikkje transaksjonane Eirik gav støyten til. --Knut 26. mars 2010 kl. 15:12 (CET)[svar]