Diskusjon:Verdshandelsorganisasjonen

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Verdas handelsorganisasjon eller Verdshandelsorganisasjonen?[endre wikiteksten]

Organisasjonen er vel heller «organisasjonen som arbeider for verdshandel» enn «organisasjonen som befinn seg i verda og som driv med handel». Er dermed ikkje heilt sikker på at denne artikkelen ligg under rett namn no... Trur det etablerte [1] namnet Verdshandelsorganisasjonen er betre, sjølv om det misvisande namnet Verdas handelsorganisasjon er noko meir bruka.[2] -- Olve 8. jun 2005 kl. 0652 (UTC)

Dette er eg ueinig i. Eg meiner artikkelen bør stå på Verdas handelsorganisasjon, like mykje som WHO bør stå på Verdas helseorganisasjon. Organisasjonen er "handelsorganisasjonen som omfattar heile verda", altså er for alle landa i verda. (Til motsetnad frå t.d. EFTA - European Free Trade Association). Når ein seier handel/trade i samfunnsøkonomispråk, er dette internasjonal handel/"verdshandel". I tillegg til EFTA, som eg nemnde ovanfor, kan ein tenkje på General Agreement on Tariffs and Trade (GATT). Ein seier altså aldri "world trade" når ein meiner (verds)handel. Det var derfor eg plasserte han på Verdas handelsorganisasjon opprinneleg, trass i at eg ikkje liker s-eigeforma - Handelsorganisasjonen i verda vart krøkkete. Om ingen protestar viser seg, flyttar eg artikkelen tilbake i neste veke. --Erlend 10. jun 2005 kl. 1537 (UTC)
Viser også til det franske namnet: L'organisation mondiale du commerce. Det viser at "mondiale" (som har med verda å gjera) står til "organisation". Dersom det heitte organisasjonen for verdshandel, ville det vorte L'organisation du commerce mondial (utan -e pga. at "commerce" er masculin). --Erlend 10. jun 2005 kl. 1550 (UTC)
Eg er einig i tolkinga til Erlend av at dette er handelsorganisasjonen for verda, heller enn organisasjonen for verdshandel, på same måte som verdshelseorganisasjonen bryr seg med helse i verda heller enn helsa til jordkloden.
Det blir likevel ikkje feil å bruka verds- for nokon av organisasjonane. Forstavinga blir brukt i ulike verdsomspennande omgrep, som verdsmeisterskap. Verdshandelsorganisasjonen er altså eit greitt nok ord, men det same er Verdas handelsorganisasjon, som er litt mindre av ein munnfull og sikkert derfor meir populært.
Når det gjeld world trade, kan det faktisk brukast om internasjonal handel. Det skjer til dømes i World Trade Center, som me har omsett med Verdshandelssenter. -- Ranveig 10. jun 2005 kl. 1925 (UTC)
Ok, bra poeng, Ranveig! Det var ganske lett å bli ueinig i flyttinga sjø, sidan eg tykte grunngjevinga var veldig feil. ;) Kan vente å sjå kva Olve meiner. Dersom han framleis ønskjer å ha artikkelen på Verdshandelsorganisasjonen (sjølv om grunngjevinga blir ei anna), er det greitt for meg. Eg er ganske indifferent. Elles går det sikkert an med world trade innimellom, men det er iallfall ein del mindre vanleg enn berre trade når ein meiner handel mellom land. Jepp, jepp! --Erlend 10. jun 2005 kl. 2023 (UTC)

Ja, begge tolkingane kan visst forsvarast, og dermed fell det eine argumentet mitt ut. Men eg mistenkjer no at den mest presise formuleringa av kva denne organisasjonen står for er «Den globale organisasjonen for internasjonal handel». Denne dobbelttydinga kan ein lesa ut av «Verdshandelsorganisasjonen», men ikkje fullt så lett av «Verdas handelsorganisasjon». I tillegg er det solid hevd for namneforma «Verdshandelsorganisasjonen» på både nynorsk, svensk, tysk og nederlandsk.

  1. Svensk: Världshandelsorganisationen
  2. Nederlandsk: Wereldhandelsorganisatie
  3. Tysk: Welthandelsorganisation

Blant dei som brukar namneforma «Verdshandelsorganisasjonen» kan nemnast Dag og Tid, Cappelen (i eit læreverk i samfunnsfag). Særleg Dag og Tid reknar eg som ei rimeleg autoritativ kjelde for god nynorsk språkbruk. -- Olve 10. jun 2005 kl. 2147 (UTC)

No har eg sove på det, og funne (etter mi meining) den beste løysinga: Verdsorganisasjonen for handel. Som sagt, er eg ganske likegyldig i forhold til dei alternativa vi har diskutert tidlegare. Eg liker ingen av dei kjempegodt; Verdas handelsorganisasjon fordi eg ikkje liker s-eigeform, og Verdshandelsorganisasjonen fordi det er så forferdeleg langt (ni stavingar, bokstavane orka eg ikkje å telje). Sjølv om Verdsorganisasjonen for handel ikkje er mest bruka, er det éi av dei tilrådde formene frå Norsk språkråd [3]. Dessutan er det også ei direkte omsetjing frå dei offisielle franske og spanske namna på organisasjonen. Vi unngår òg at namnet blir misforstått. Håpar dette er ei god løysing som vi kan samle oss om! :) Eg tek sjølvsagt på meg arbeidet med omdirigeringane! --Erlend 11. jun 2005 kl. 1202 (UTC)