Diskusjon:Verdshandelssenteret i New York

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Eg gjer merksam på at det finst mange World Trade Center, mellom anna i Helsinki, Dubai, Bombay, Macau, Hong Kong osb. Kanskje me skal følga eksempelet til nb:, og leggja artikkelen under Verdas handelssenter i New York? Eller noko liknande? Eller ikkje? -- Ranveig 12. apr 2005 kl. 1731 (UTC)

Eit lite problem her: Eg trur namnet er ((World Trade) (Center)) heller enn ((World) (Trade Center)). Dette inneber ein vesentleg skilnad i kva det bør heite på norsk:
  1. ((World) (Trade Center)) = Verdas handelssenter
  2. ((World Trade) (Center)) = Verdshandelssenter
Eg mistenkjer at alternativ 2 er det rettaste. -- Olve 12. apr 2005 kl. 1946 (UTC)
Det har du i grunnen rett i, eg merka sjølv at det helst ville bli verdshandelssenter då eg skreiv om verdas handelssenter. Eg kan flytta og retta alle "verdas handelssenter" til "verdshandelssenteret i"... og så flytter me World Trade Center til Verdshandelssenteret i New York, eller kva? -- Ranveig 12. apr 2005 kl. 2008 (UTC)
Hørest greitt ut det ja. :) Olve 12. apr 2005 kl. 2143 (UTC)