Hopp til innhald

Distinguished Flying Cross

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Distinguished Flying Cross

Distinguished Flying Cross (DFC) er ein dekorasjon for offiserar i flyvåpenet i Storbritannia og (tidlegare) Samveldet. Medaljen vart tildelt for an act or acts of valour, courage eller devotion to duty whilst flying in active operations against the enemy.[1][2]

Utmerkinga vart innstifta 3. juni 1918, og vart opphavleg berre tildelt offiserar i flyvåpenet. Frå den andre verdskrigen kunne han òg tildelast offiserar i dei andre våpengreina, og frå 1993 til personell uansett militær grad. Distinguished Flying Medal, som tidlegare vart tildelt meinig personell, er ikkje lenger i bruk.

Medaljen gjev rett til å føya til bokstavane DFC etter namnet sitt.[3]

  1. ↑ «No. 31674», The London Gazette. 5. desember 1919. s. 15049.
  2. ↑ «Medals: campaigns, descriptions and eligibility», Ministry of Defence. 12. desember 2012.
  3. ↑ Captain H. Taprell Dorling. Ribbons and Medals. s. 41. Published A.H.Baldwin & Sons, London. 1956.