Diversjon

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Diversjon - engelske fallskjermjegerar øydelegg ammunisjonslager i Noreg under tysk okkupasjon i 1941 for å trekkje merksemnd vekk frå annan aktivitet

Diversjon er militærtaktisk sett ein skinnmanøver for å avleia merksemnd frå hovudføretaket.[1][2] Det kan vere ei handling eller eit trugsmål. Til dømes er det vanleg at marineinfanteriet set i land ei lita diversjonsgruppe på ei anna landgangsstrand enn den verkelege landingsplassen. Denne gruppa skal skapa mest mogeleg merksemnd frå fienden si side, så aktiviteten vert oftast sabotasje med mykje røyk og eksplosjonar dersom slikt er mogeleg å få til. Ei slik gruppe er nesten alltid kombinert med ei etterretningsgruppe, slik at den beste norske nemninga på slike grupper historisk sett har vore sabotasje-etterretningsgruppe.

Etymologi[endre | endre wikiteksten]

Ordet «diversjon» kjem frå fransk diversion, frå mellomalderlatin diversio og latin divertere, som tyder å avvike, velje ein annan veg eller forandre retning. Det kan òg brukast om å divergere, det vil seia å ha ei anna oppfatting.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. https://snl.no/diversjon
  2. https://lokalhistoriewiki.no/wiki/Leksikon:Diversjon