Divjakë

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Divjakë
Frå sentrum i Divjakë
Frå sentrum i Divjakë
Byvåpenet til Divjakë
Byvåpenet til Divjakë
Styresmakter
Land
Region
Albania
Fier
Geografi
Flatevidd
 - By

360 km²
Innbyggjarar
 - By (2011)

34 254[1]
Koordinatar 41°0′0″N 19°32′0″EKoordinatar: 41°0′0″N 19°32′0″E
Tidssone CET (UTC+1)
Plassering
Divjakë kommune innafor regionen Fier
Divjakë kommune innafor regionen Fier

Divjakë er ein by og ein kommune i regionen Fier i Albania. Kommunen ligg noko sør for midten av landet, nord for Fier. Han grenser i nord til regionen Tirana, og i vest ligg Adriatarhavet.

Kommunen vart oppretta gjennom ei admininistrasjonsreform i 2014, ved at den tidlegare bykommunen Divjakë vart slått saman med landkommunane Tërbuf, Grabjan, Gradishtë og Remas.[2] Dei tidlegare kommunane inngår no som kommunaleiningar i den nye storkommunen. Kommunen har hovudsete i Divjakë.

Ved folketeljinga i 2011 hadde den dåverande bykommunen 8 445 innbyggjarar, medan dei fem kommunane som i dag utgjer storkommunen Divjakë, til saman hadde 34 254 innbyggjarar.[1]

Tidlegare administrativ inndeling[endre | endre wikiteksten]

Fram til år 2000 var dei tidlegare by- og landkommunane ein del av distriktet Lushnje.[3] Den dåverande bykommunen omfatta sjølve byen Divjakë og busetnadene:[2]

  • Mizë
  • Xengë
  • Germenj i Madh
  • Germenj i Vogël
  • Hallvaxhias
  • Bregas
  • Dushk Cam
  • Zharnec
  • Bishtçukas

Referansar[endre | endre wikiteksten]