Doctor oeconomiae

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Doctor oeconomiae, som også kan skrivast doctor oeconomiæ, forkorta dr.oecon., også kalla doktorgraden i økonomiske fag, har blitt tildelt av Norges Handelshøyskole (NHH) frå 1957. Opphavleg var dette ei såkalla individuell ordning, det vil seie at kandidaten ikkje deltok i eit utdanningsprogram eller fekk rettleiing, på same måte som dr.philos. ved universiteta. Berre 14 personar gjennomførte dr.oecon. etter denne gamle ordninga. Tidleg på 1980-talet oppretta NHH ei organisert forskarutdanning med den same tittelen, dr.oecon., som mål for utdanninga. Den første som vart dr.oecon. etter den nye ordninga var seinare rektor ved NHH, Jan Haaland, i 1985. Etter dette har omkring 10 personar blitt tildelt dr.oecon. kvart år.

Som eit ledd i Kvalitetsreforma har også NHH sine grader blitt endra. Frå og med hausten 2003 har søkarar til organisert forskarutdanning blitt teke opp på eit Ph.D-studium, og dr.oecon. har i ettertid blitt utfasa.

Doktorgraden ved NHH kan tildelast på grunnlag av forskingsarbeid innanfor tradisjonell samfunnsøkonomi og bedriftsøkonomi, og også innanfor rekneskap, marknadsføring, strategi, organisasjon og leiing.

Doctorgraden oppnås også ved Universiteter i utlandet.. Og da spesielt i U. S. A, samt Tyskland er populært. Kravene er MEGET STRENGE - og det er meget få som - "slipper gjennom nåløyet".

Ett fåtall har også Doctorgrad fra våre naboland - da spesielt fra Sverige & Danmark.

Gjelder såvel Dr.oecon som Dr.med.