Dodder
Dodder | |||
elv | |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
![]() Dodder | |||
Wikimedia Commons: River Dodder | |||

Dodder (An Dothra på irsk) er ei elv på Irland. Ho har utspring på nordsida av Kippure i Wicklowfjella. Frå her renn ho 20 km gjennom Tallaght og forstadane Rathfarnham, Templeogue, Milltown, Clonskeagh, Donnybrook og Ballsbridge i Dublin før ho munnar ut i elva Liffey ved Ringsend.
Elva Poddle er forbunden med Dodder i Tallaght – denne koplinga vart nytta som ein del av vassforsyninga til Dublin.
Det ligg ein overløpskant like ovanfor brua ved Ballsbridge.
Dodder og Tolka er dei nest største elvane i Dublin etter Liffey.
Sjå òg[endre | endre wikiteksten]
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «River Dodder» frå Wikipedia på engelsk, den 23. oktober 2007.