Dominik Landertinger
Dominik Landertinger | |
Statsborgarskap | Austerrike |
Fødd | 13. mars 1988 (34 år) Braunau am Inn |
Idrett | skiskyting |
Tok del i |
Skiskyting under Vinter-OL 2014 – Sprint menn, Skiskyting under Vinter-OL 2010 – Stafett menn, Skiskyting under Vinter-OL 2014 – Stafett menn, VM i skiskyting 2019 |
Utmerkingar |
æresteikn i gull for tenester til den austerrikske republikken |
Dominik Landertinger (fødd 13. mars 1988) er ein austerriksk skiskyttar frå Braunau am Inn i forbundslandet Oberösterreich. Han vart verdsmeister i fellesstart i Pyeongchang i 2009 og tok sølvmedaljen i sprinttevlinga under vinterleikane 2014 i Sotsji. Elles har han vunne to sølvmedaljar og ein bronsemedalje i 4 x 7,5 km stafett med Austerrike i ulike VM og OL i tida 2009-14.
Landertinger vart nummer tre i verdscupen i skiskyting i 2013-sesongen og hadde per 12. januar 2016 vunne to renn i verdscupen, begge i fellesstart.
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «Dominik Landertinger» frå Wikipedia på tysk, den 12. januar 2016.