Domostroj

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Domostroj (russisk for ‘husordninga, hustavla’) er eit russisk skrift frå midten av 1500-talet. Det omfattar 64 kapittel som inneheld utførlege forskrifter for dei fleste tilhøve i dagleglivet. Skriftet er rekna for å vera skrive av munken Sylvester, som var rådgjevar for kong Ivan IV. Ein kan berre stadfesta at Sylvester har skrive det siste kapittelet, såkalla «Vesle Domostroj».[1]

Ordet «domostroj» er blitt einstydande med konservativ og tyrannisk russisk familieskikk.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «Domostroj». Store norske leksikon (på norsk). 20. februar 2018.