Donau-Tisa-Donau-kanalen
Donau-Tisa-Donau-kanalen | |||
kanal | |||
Land | Serbia | ||
---|---|---|---|
Donau-Tisa-Donau-kanalen 44°49′35″N 21°20′09″E / 44.82638889°N 21.33583333°E | |||
Wikimedia Commons: Canal Danube-Tisa-Danube |
Donau-Tisa-Donau-kanalen (DTD) (serbisk Kanal Dunav-Tisa-Dunav/ Канал Дунав-Тиса-Дунав) er eit kanalsystem knytt til elvane Donau og Tisa som vert nytta til flaumkontroll, utbetring av skogbruk, vassforsyning, transport, fiske, jakt og turisme. Det dekkjer den nordlege delen av Serbia, eit område kalla Vojvodina.
Den totale lengda på dei utgravde hovudkanalane er 929 km, inkludert nye og gamle kanalar, og elvar som vart delvis eller heilt ombygd og ein del av det nye systemet. I hovudkanalen er det 51 byggverk - 24 sluseportarr, 16 sluser, fem tryggleikssluser, seks pumpestasjonar og 180 bruer. Det er 14 hamner langs kanalen. Ein av dei viktigaste strukturane er demninga over elva Tisa nær Novi Bečej som regulerer vassregimet i hovudkanalen i Banat.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Danube-Tisa-Danube Canal» frå Wikipedia på engelsk, den 20. mars 2009.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Interaktivt kart over Donau, Sava og Tisa Arkivert 2009-04-30 ved Wayback Machine. - inkluderer DTD-kanalen