Dorothea Mackellar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Dorothea Mackellar
Dorothea Mackellar.jpg
Fødd 1. juli 1885
Point Piper
Død

14. januar 1968
Paddington

Yrke lyrikar, skribent
Far Charles Mackellar
Dorothea Mackellar på Commons

Isobel Marion Dorothea Mackellar, OBE (1. juli 188514. januar 1968), var ein australsk forfattar best kjend som Dorothea Mackellar.[1] I Australia er ho særleg kjend for diktet «My Country», særleg for linjene «I love a sunburnt country/A land of sweeping plains,/Of ragged mountain ranges,/Of droughts and flooding rains.»

Liv[endre | endre wikiteksten]

Dunara, barndomsheimen til Mackellar i Point Piper.

Mackellar var det tredje av fire barn, og den einaste dottera til legen og parliamentsmedlemmet sir Charles Mackellar og kona hans Marion MacKellar (fødd Buckland), dotter av den framståande bankmannen Thomas Buckland. Ho blei fødd i familieheimen Dunara i Point Piper i Sydney. Seinare budde ho i Cintra i Darling Point. Seinare i livet budde ho i ein leilegheit over faren sitt kontor i Buckland Chambers i Liverpool Street i Sydney.[2] I 1925 fekk Mackellar også bygd ein høvesvis stor feriebustad på Pittwater som ein berre kunne nå med båt.

Dorothea Mackellar kledd som ei av gratiene for Ethel Knight Kelly (Mrs. T.H. Kelly) sitt italienske raudekrossdags-tablå ved Palace Theatre den 20. juni 1918.

I ungdommen hadde Mackellar tilgang til både den intellektuelle og administrative eliten i Sydney, men også til dei australske landeigedommane til familien i Gunnedah og i Paterson Valley ved Gresford.[3] Her var ho mellom anna vitne til enden på ein stor tørkeperiode i 1900, og fekk inspirasjon til dikta sine frå landskapet.[4]

Ho blei utdanna heime og fekk mellom anna opplæring i språk, måling og fekting. Ho følgde også førelesingar ved Universitetet i Sydney, men blei ikkje immatrikulert som student.[2] Ho skal ha vore ein god symjar og ryttar, og interessert i hestar og hundar.[1]

Ho vitja Europa, særleg Storbritannia, fleire gonger.[5] Ho snakka fransk, spansk, italiensk og tysk flytande, og verka som tolk for faren.[2]

Mellom 1911 og 1914 var ho trulova to gonger, men ingen av trulovingane førte til ekteskap.[1] Den siste trulovinga var med den engelske diktaren Patrick Chalmers, som ho møtte i London. Etter at ho kom tilbake til Australia like før utbrotet av første verdskrigen skreiv ho eit brev til han om at foreldra hennar godtok ekteskapet, men brevet kom aldri fram og han gifta seg etterkvart med ei anna.[2]

Mackellar byrja å skriva i tenåra, og fekk tidleg både dikt og prosa på trykk i blad mot betaling. Saman med barndomsvennen Ruth Bedford skreiv ho to romanar som kom ut i 1912 og 1914.[1]

Dorothea Mackellar skal ha mislikt organisasjonsliv, men var likevel med i Bush Book Club of New South Wales og deltok i skipinga av Sydney P.E.N. Club i 1931. Seinare tok ho seg av dei aldrande foreldra sine. Etter at faren døydde i 1926 ser ho ut til å ha skrive lite. Mora døydde i 1933.

Dei siste åra av livet hadde Mackellar dårleg helse, og budde i ti år på ein pleieheim i Randwick. Ho døydde i 1968 og er gravlagd på Waverley Cemetery vest i Sydney.[6] Eit av hennar eigne favorittdikt, «Colour», blei lese ved gravferda hennar.[7]

«

Great saffron sunset clouds, and larkspur mountains,
        And fenceless miles of plain,
And hillsides golden-green in that unearthly
        Clear shining after rain;

And nights of blue and pearl; and long smooth beaches,
        Yellow as sunburnt wheat,
Edged with a line of foam that creams and hisses,
        Enticing weary feet;

»

—Colour[8]

Verk[endre | endre wikiteksten]

Del 1 av «My Country» («Core of my Heart») av Dorothea Mackellar.

Lyrikk[endre | endre wikiteksten]

Sjølv om ho kom frå ein borgarleg byfamilie, er diktinga til Mackellar som regel rekna som «bush poems», inspirert av vitjingane hennar til brørne sine gardar ved Gunnedah nordvest i New South Wales. Ho skreiv sitt best kjende dikt «My Country» som nittenåring med heimlengt i England. Diktet stod først på trykk i London-bladet Spectator i 1908, under tittelen «Core of My Heart».[1] Ho omarbeida diktet ei rekkje gonger til det blei til det kjende «My Country», der særleg andreverset er kjend.[2]

Seinare gav ho ut fire diktsamlingar: The Closed Door (utgjeven 1911, med «My Country»); The Witch Maid, and Other Verses (1914, også med «My Country»); Dreamharbour (1923) og Fancy Dress (1926).

Vers frå «My Country»[9]
Vers 1-2

The love of field and coppice,
    Of green and shaded lanes,
Of ordered woods and gardens
    Is running in your veins;
Strong love of grey-blue distance,
    Brown streams and soft, dim skies—
I know but cannot share it,
    My love is otherwise.

I love a sunburnt country,
    A land of sweeping plains,
Of ragged mountain ranges,
    Of droughts and flooding rains;
I love her far horizons,
    I love her jewel-sea,
Her beauty and her terror—
    The wide brown land for me!

Vers 4-5

Core of my heart, my country!
    Her pitiless blue sky,
When sick at heart, around us
    We see the cattle die—
But then the grey clouds gather
    And we can bless again
The drumming of an army,
    The steady, soaking rain.

Core of my heart, my country!
    Land of the Rainbow Gold,
For flood and fire and famine
    She pays us back threefold
Over the thirsty paddocks,
    Watch, after many days,
The filmy veil of greenness
    That thickens as we gaze.

Prosa[endre | endre wikiteksten]

I tillegg til dikta skreiv Mackellar også romanar, ein på eiga hand - Outlaw's Luck (1913), og minst to saman med Ruth Bedford - The Little Blue Devil (1912) og Two's Company (1914). Lite er kjend om nøyaktig korleis samarbeidet gjekk føre seg.[10]

Prisar og utmerkingar[endre | endre wikiteksten]

Statuen av Mackellar til hest i Gunnedah.

Ved ordensutdelinga New Year's Day Honours i 1968 blei Dorothea Mackellar utnemnd til Officer of the Order of the British Empire (OBE) for bidraget sitt til australsk litteratur.[11] Ho døydde berre to veker seinare.

Ettermæle[endre | endre wikiteksten]

Valkrinsen Division of Mackellar, som dekkjer halvparten av Northern Beaches i Sydney, har namn etter Dorothea Mackellar og far hennar. Ein veg i Cook, ein forstad til Canberra, har namn etter henne. Canberra har også ein forstad som heiter McKellar, men er ikkje kalla opp etter henne.

Australia Day 26. januar 1983 blei det avduka eit minnesmerke til Dorothea Mackellar i ANZAC Park i Gunnedah.[12] Hovuddelen av minnesmerke var ein statue av Mackellar til hest utført av Dennis Adams, opphavleg i ein mellombels versjon i glasfiber. Den endelege utgåva i bronse blei installert i september 1983.[13]

I samband med avdukinga av statuen i januar blei det halde ei utstilling av ein serie med 34 akvarellar av Jean Isherwood som illustrerte diktet «My Country». Akvarellane blei etterkvart sett på permanent utstilling ved Gunnedah Bicentennial Regional Gallery. Isherwood laga sidan ein serie oljemåleri basert på akvarellane som blei stilt ut ved Artarmon Galleries i Sydney i 1986.

I 1984 skipa Mikie Maas frå Gunnedah «Dorothea Mackellar Poetry Awards» som har vokse til ei nasjonal dikttevling for australske skulebarn.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 «Mackellar, Isobel Marion Dorothea (1885–1968)». Australian Dictionary of Biography. Henta 27. september 2017. 
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 2,4 Dorothea Mackellar-side ved Gunnedah Tourism
  3. Curator's notes My Country (1958) on ASO - Australia's audio and visual heritage online
  4. Gabriel Wingate-Pearse (2. september 2011), «My Country poet, Mackellar, inspired by Hunter», Newcastle Herald 
  5. MacKellar, Isobel Marion Dorothea (Dorothea) (1885 - 1968), The Encyclopedia of Women and Leadership in Twentieth-Century Australia
  6. WikiTree: Isobel Marion Dorothea Mackellar
  7. Waverley Cemetery - A Walk Through History No. 1, arkivert frå originalen 2008-03-08 
  8. The Witch Maid, and Other Verses, Wikisource
  9. [1], Wikisource
  10. Spender, Dale (1988) Writing a New World: Two Centuries of Australian Women Writers, London: Pandora p. 219
  11. «MACKELLAR, Isobel Marion Dorothea». It's an Honour. Henta 2009-11-26. 
  12. Monument Australia. Henta 22. februar 2014
  13. dorothea mackellar poetry awards, arkivert frå originalen 27. februar 2014, henta 22. februar 2014 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Dorothea Mackellar
Wikisource

Originaltekst av Dorothea Mackellar ved Wikisource.