Dorothy Hyman
Dorothy Hyman | |
Dorothy Hyman under Sommar-OL 1960 | |
Statsborgarskap | Storbritannia |
Fødd | 9. mai 1941 (83 år) Cudworth |
Yrke | sprintar |
Språk | engelsk |
Høgd | 170 centimeter |
Dorothy Hyman på Commons |
Dorothy Hyman (fødd 9. mai 1941) er ein britisk tidlegare sprintar i friidrett frå landsbyen Cudworth i South Yorkshire. Ho vart europameister på 100 m i 1962 og tok to medaljar under sommar-OL 1960.
Aktiv
[endre | endre wikiteksten]17 år gammal sprang Hyman andre etappen for Storbritannia sitt lag som fekk sølv på 4x100 m stafett i EM i friidrett 1958 i Stockholm. Under dei olympiske leikane i 1960 i Roma vann ho sølvmedaljen på 100 og bronsen på 200 m.
Hyman vart europameister på 100 m i 1962 i Beograd, med same tid som tyske Jutta Heine, før ho så fekk sølv på 200 meter, bak nettopp Heine. I 4x100 m stafett var ho å vinne ein bronsemdalje.
Saman med Janet Simpson, Mary Rand og Daphne Arden tok Hyman og Storbritannia ein bronsemedalje på 4x100 m stafett også under olympiaden i 1964 i Tokyo.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Dorothy Hyman» frå Wikipedia på engelsk, den 26. august 2014.
- Einskildkvinner
- Fødde i 1941
- Britiske sprintarar
- Europameistrar i friidrett for Storbritannia
- Olympiske sølvmedaljevinnarar for Storbritannia
- Olympiske bronsemedaljevinnarar for Storbritannia
- Medaljevinnarar under sommar-OL 1960
- Britiske deltakarar under sommar-OL 1960
- Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1960
- Medaljevinnarar under sommar-OL 1964
- Britiske deltakarar under sommar-OL 1964
- Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1964