Douentza

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Douentza er ein by i Mopti-regionen, nord i det vest-afrikanske landet Mali. Douentza er største by i Cercle Douentza, som omfattar fleire landsbyar i området rundt. Byen hadde 28.000 innbyggjarar i 2009, og har ein stor vekst i innbyggjarar.

Dei norske misjonsorganisasjonane Det Norske Misjonsselskap (NMS) og Frikirkens Israels- og Ytremisjon har arbeidt i byen sidan 1988, og husar også i dag norske misjonærar.

Fram til 2011 var det ein norsk skule i byen som mottok statstøtte.