Dozmary Pool

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Dozmary Pool
innsjø
Dozmary pool panorama.jpg
Land Flag of the United Kingdom.svg Storbritannia
Høgd over havet 268 moh
Areal 0,149 km²
Kystlengd1 1,5 km
Koordinatar 50°32′32″N 4°33′1″WKoordinatar: 50°32′32″N 4°33′1″W
Øyar ingen

Dozmary Pool
50°32′32″ N 4°33′1″ W
1 Kystlengd er eit unøyaktig mål som kanskje ikkje er standardisert for denne artikkelen.

Dozmary Pool er ein liten innsjø på Bodmin Moor i Cornwall i Storbritannia, 16,9 km frå havet.[1] Han ligg om lag 15 km nordaust for Bodmin og 2 km sør for Bolventor. Innsjøen har oppstått etter den siste istida. Utsiget frå innsjøen renn til Colliford Lake. Tidlegare var namnet ofte skrive 'Dozmaré'.

Segner[endre | endre wikiteksten]

Innsjøen vart ein gong hevda å vere heimstaden til Lady of the Lake. I følgje segna var det her kong Arthur rodde ut til Lady of the Lake og fekk sverdet Excalibur. Innsjøen er òg staden der Bedivere gav attende Excalibur då Arthur låg på dødsleiet etter slaget ved Camlann. Ei anna seg knyt Dozmary Pool til Jan Tregeagle. Tregeagle gjer ein pakt med Djevelen for å få pengar og makt. Mot slutten av livet sitt vert han dømd til eit liv i den botnlause Dozmary Pool, der han framleis vert pint. Han fekk i oppgåve å tømme vatn frå Dozmary Pool i eit albogeskjel, men valde å rømme til Roche Rock der han måtte lage tau av sanden i Gwenor Cove.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Data sheet:Dozmary Pool». Henta 28. mars 2010.