Dragkal

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Bindalsfæring fortøydd på dragkale.

Dragkal eller dragkale – i daglegtale ofte forvanska til draghale – er ei fortøying for småbåtar. Dragkalen er samansett av eit langt tau som er tredd gjennom ein fortøyingsring og spleisa saman i endane. Fortøyingsringen er festa med tau til ein dregg eller ein moring på sjøbotnen. Frå fortøyingsringen går det doble tauet inn til land, og når ein bind ein båt fast i tauet, kan ein dra båten ut frå eller inn til land.

Ordet er samansett av 'draga' og 'kale' (tau).