Dragkamp

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Dragkamp på grasbane

Dragkamp er ein uthaldenheits- og styrkesport der to lag på kvar si side dreg eit tau. Det laget som vinn, er det laget som dreg det andre laget ei strekning på fire meter fyrst.

Normalt består eit dragkamplag av åtte dragarar. Dragkamp vert konkurrert i ulike vektklassar der det er dei åtte dragarane si samanlagde vekt som tel. Tauet skal ha ein omkrins på 10–12,5 cm og vere minst 33,5 meter langt. Ute er bana 40 meter lang og minst 3 meter brei der ein konkurrerer på grasunderlag. Ein kamp vert avgjort i best av tre dragingar.

Sporten var olympisk mellom 1900 og 1920.