Dragon 32/64
![]() | |
Dragon 32/64 | |
---|---|
Type | Heimedatamaskin |
Utviklar | Dragon Data, Ltd. |
Lansert | 1982 |
Produksjonstopp | 1984 |
Prosessor | Motorola 6809E @ 0.89 MHz |
Minne | 32KB/64KB |
Operativsystem | Microsoft Extended BASIC |
Dragon 32 og Dragon 64 var heimedatamaskiner som vart produsert på 1980-talet av det walisiske selskapet Dragon Data Ltd. Den britiske marknaden for heimedatamaskiner var i eksplosiv vekst, og nye maskiner vart lansert omtrent kvar månad. I august 1982 kasta Dragon Data seg på karusellen med Dragon 32. Dragon 64 kom året etter. Skilnaden på dei to datamaskinane var talet på kilobytes i minnet.
I marknaden for private heimedatamaskiner der spel var ein viktig drivkraft, var Dragon underlegen andre maskiner som Sinclair ZX Spectrum og Commodore 64.
Dragon-maskina var heller ikkje i stand til å vise små bokstavar på ein enkel måte. Dette stengte maskina ute frå skulemaskinmarknaden som i staden vart dominert av den Acorn-bygde BBC Micro.
Som eit resultat av desse avgrensingane, vart ikkje Dragon nokon suksess kommersielt, og Dragon Data kollapsa i juni 1984.
Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]
- The Dragon 32/64 Computers – på nettstaden www.6809.org.uk
- Dragon Information Files – frå Graham si «Dragon Page», av Graham E. Kinns
- The Dragon Archive – Eit arkiv over alt mogleg relatert til Dragon 32/64 og kloner og prototypar
- A Slayed Beast - History of the Dragon Computer frå dragon-archive-online.co.uk.