Drake's Island

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jump to navigation Jump to search
Drake's Island sett frå Plymouth Hoe.
Drake's Island sett frå sørenden av Mount Edgecumbe

Drake's Island er ei 2,6 hektar stor øy i Plymouth Sound, havområdet sør for byen Plymouth i Devon i England. Namnet på øya vart først registrert i 1135, då ho vart kalla St Michael's etter kapellet som stod her. Seinare vart kapellet tileigna St. Nikolas i staden og øya fekk namnet St. Nicholas. Frå siste halvdel av 1500-talet vart øya stundom kalla Drake's Island etter Sir Francis Drake, den engelske sjørøvaren som nytta Plymouth som heimehamn. Sjølv langt ut på 1800-talet vart øya referert til som St Nicholas's Island.

Det var frå denne øya at Drake segla ut i 1577 og kom attende til 1580 etter å ha segla rundt jorda. I 1583 vart Drake guvernør på øya.

Frå 1549 vart det bygd ut festningsverk på øya for å forsvare ho mot Frankrike og Spania. Forlegning for 300 mann vart bygd på slutten av 1500-talet. I fleire hundreår var dette det viktigaste forsvarsverket for Plymouth. I 1665 døydde Robert Lilburne i fangenskap på øya. Han vart dømd til fengsel på livstid for kongemordetKarl I. Eit par år seinare sat general John Lambert, i fengsel på Drake's Island. Han døydde her vinteren 1683 etter å ha sete her frå 1662.

Etter den andre verdskrigen vart Drake's Island framleis styrt av forsvarsdepartement og først i 1963 fekk Plymouth nytte øya. Det vart oppretta ein ungdomsleir der.

1. mai 1987 var tden første telefonlinja lagt til øya. I 1995 kom øya i privat eige. In mai 2005 the island attracted British media attention when one of the empty buildi

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Koordinatar: 50°21′20″N 4°9′13″W