Sjørøvar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sjå òg sjørøveri og piratkopiering
Sjørøvarillustrasjon frå Howard Pyle's Book of Pirates.
Klisjeprega pirat teikna av Gustavb.

Ein sjørøvar eller pirat er ein person som driv med sjørøveri, plyndring til havs eller ved hjelp av skip. Sjørøvarar har vore til så lenge folk har ferdast til havs, men folkelege førestillingar plasserer dei gjerne i Karibia1600-talet. Ein typisk sjørøvar av dette slaget har gjerne trebein eller augelapp og er pynta med gull, smykke og prangande klede. Flagg med daudinghovud, nedgravne skattar og ein papegøye som kjæledyr er andre effektar ein gjerne forbind med sjørøvarar. Sjørøvarar er blitt til lett kjennbare figurar i populærkulturen, og det er vanleg å leika eller kle seg ut som sjørøvar, mora seg med sjørøvarleiketøy eller -dekorasjonar, og sjå på sjørøvarar som underhaldning i bøker, teaterframsyningar og på film.

Sjørøvarar i populærkulturen[endre | endre wikiteksten]

Sjørøvarførestillingane våre har rot i litteratur og film, særleg skrifter og seinare filmatiseringar av Daniel Defoe. Defoe stod bak ei rekke halvsanne brev og historier, førte i pennen av påståtte sjørøvarar, der han la fram det frie og rettferdige livet sjørøvarar imellom som ein kontrast mot den engelske samfunnsordninga. Mange av desse tok utgangspunkt i fengsla sjørøvarar Defoe hadde treft som reporter for Applebee's Journal på 1720-talet.

Figurar som Kaptein Krok, i den kjende forteljinga om Peter Pan, og den skremmande Long John Silver med trebeinet, i Skatten på sjørøverøya av Robert Louis Stevenson, har også hatt stor påverknad på det moderne sjørøvarbiletet. Filmatiseringa frå 1950 med Robert Newton som Long John Silver la grunnlaget for førestillinga om at sjørøvarar snakka engelsk med Cornwall-aksent.

Den populære komiske operaen The Pirates of Penzance av Gilbert & Sullivan frå 1879 framstilte britiske sjørøvarar som likandes sjøfolk. Sjørøvarar har seinare dukka opp i fleire humoristiske samanhengar, som i fjernsynsserien Brødrene Dal og Professor Drøvels hemmelighet (1978) eller Monty Python-filmen The Meaning of Life (1983). Dataspelserien Monkey Island handlar også om nokre løgne sjørøvarar.

Interessa for sjørøvarar steig i NoregTerje Formoe skapte barnefiguren Kaptein Sabeltann i 1989. Internasjonalt kom gruppa tilbake i søkelyset med filmserien Pirates of the Caribbean der Johnny Depp gjorde inntrykk med den flotte og morosame sjørøvarkapteinen Jack Sparrow.

Sjørøvarar i dag[endre | endre wikiteksten]

Sjørøvarar er vortne meir vanlege dei siste åra, og er verksame mellom anna kring kystane av Afrika, i Adenbukta og i Gulehavet. Det er ulike grunnar til at denne drifta har fått ei ny bløming, men noko av grunnen kan skuldast sundbroten økonomi i land som Somalia eller Nigeria. Det er utstrekt sameining om å finne ei løysing på dette problemet, som er eit trugsmål mot internasjonal skipsfart i dei aktuelle områda.

Sjørøvarane nyttar ofte lette gummibåtar for å ta seg inn til store fartøy, som så blir borda og tekne til hamner som er under røvarkontroll. Røvarane krev så løysepengar av skipsreiarane eller staten der skipet er registrert.

Tidleg i august 2009 vart eit lasteskip kapra utanfor kysten av Gotland i Austersjøen. I desse farvatna hadde det til då ikkje vore sjørøvarar på om lag 600 år. Skipet skulle til Algerie, men kvarv frå radaren utanfor kysten av England.

Kjende sjørøvarar[endre | endre wikiteksten]

Illustrasjon av François l'Ollonais i The History of the Bucaniers of America frå 1684.

Oppdikta sjørøvarar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Sjørøvar