Drivmansjett

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Drivknutemansjett (b) som dekker over drivknuten.
Reparasjonssett.

Ein drivmansjett er ein belg som dekker over og inneheld smørefeitt for drivverket. Nokre slike smøremidlar inneheld grafitt. Ein skil mellom drivakselmansjettar for drivakslingen (indre mansjett) og drivknutemansjettar for drivknuten (ytre mansjett). Dei vert brukte til dømes på bilar.

Øydelagt drivknutemansjett[endre | endre wikiteksten]

Drivmansjettar er slitedelar og vert gradvis slitne av belastingar medan ein køyrer. Drivknutemansjettane som er monterte ved hjulet vert slitne meir enn drivakselmansjettane som er monterte på sida nærare girkassa, særleg på framhjulsdrevne bilar. Der vert mansjettane utsette for høgare temperaturar grunna nærleiken til bremseskivene, bøyer og slits meir ved svinging, og foldene i belgen kan kome borti kvarandre slik at det blir friksjon.

Dersom det blir hol på drivmansjetten lek smørefeittet ut, og det kan kome inn skit, sand og fukt som kan føre til rust eller øydelegging av leddet. Drivknuten kan bli øydelagd dersom han turkar ut og vert køyrd utan smøring.

Ein øydelagd drivmansjett kan vere risikabel å køyre med. Til dømes kan smørefeitt som lek ut verte kasta på bremseskivene og føre til at bremseeffekten vert mindre. Ein turr drivaksling kan og låse seg brått (slik at hjulet låser seg) eller verte øydelagd på ein annan måte, men då merkar ein faren på førehand, gjennom uvanleg støy frå det aktuelle leddet under den mansjetten.

Øydelagd drivakselmansjett er eit ganske vanleg problem på framhjulsdrivne bilar grunna store deformasjonar ved styreutslag som over tid utmattar gummien.[1]

Byte av mansjett[endre | endre wikiteksten]

For å byte til ein original drivmansjett må ein demontere drivakslingen, berekule og ledd, samt nytte eit spesielt monteringsverkty for å utvide mansjetten slik at han kan treast over drivknuten. Som eit alternativ fins det delbare drivknutemansjettar som krev mindre omfattande arbeid. Delte universalmansjettar får ein i ulike storleikar som kan klippast til for å passe og treast over utan før nemnde demonteringar før dei vert limde saman i delinga og haldne saman i endane med slangeklemmer. Delbare mansjettar kan vere noko mindre haldbare, men gir altså ein mykje enklare reparasjon.

Mansjetten kostar til vanleg kring to hundre kroner, medan installasjonen krev mykje arbeid og kostar mykje etter som drivakslingen må demonterast. På nokre kjørety med framhjulstrekk må i tillegg nesten heile fjør- og demparsystemet, medan det på andre køyrety er nok å løyse på kuleleddet for å demontere drivakslingen. På kjørety med bakhjulstrekk er reparasjonsarbeidet som regel mindre komplekst og derfor rimelegare.

Delbare mansjettar reknast først og fremst som en mellombels reparasjon, sjølv om det er eksempler på at slike reparasjonssett har halde lenge. Tidsmessig sparer ein ikkje mykje på å nytte ein delbar mansjett samanlikna med å byte til ein ny ikkje-delbar mansjett, men sistnemnde variant kan krevje meir kunnskap og verkty for å monterast.

Materialar[endre | endre wikiteksten]

Tidlegare vart mansjettane laga av gummi, men moderne mansjettar er ofte laga av plastikk som toler temperaturendringar betre, har større dielektrisk styrke og toler meir rørsle.

Sjå og[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. «Drivakselmansjett, mansjett - Skruvat.no». Arkivert frå originalen 25. juli 2021. Henta 25. juli 2021.