Duosporvogn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Duobane som sporvogn i Heilbronn
Duobane på jarnbanespor

Duosporvogn er skjenegåande kollektivtransport som er utrusta for køyring på både sporvognsliner og jarnbaneliner. Sporvidda er den same, men dei har framdriftsmiddel og signalsystem for båe systema. Dette blir gjerne elektromotorar for bytrafikk og dieselmotorar kopla til generatorar for køyring på jarnbaneliner. System med elektromotorar med støtte for skilde spenningar finst òg. Duosporvogna kan binde saman småstader som kvar for seg ikkje har trafikkgrunnlag for sporvogn og der lokaltog ikkje er rekningssvarande eller jarnbanetrafikken er lagd ned. Duosporvogn kan òg gje meir direkte reiser utan omstiging og slik få ned reisetida for folk. Då er det gjerne småstader som får betre kommunikasjon med eit lokalt senter.

Det første systemet i Europa var i Karlsruhe.

Spire Denne transportartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.